Heckler & Koch MP7

MP7 er ein maskinpistol frå tyske Heckler & Koch i kaliber 4,6 × 30 mm. Han vart utforma på grunn av eit Nato-krav frå 1989 om ein maskinpistol med høgare penetrasjonsevne i kroppspansring enn maskinpistolar som fanst då.

MP-7
MP7A1 med lyddempar og ekstra sikte

Konstruksjonen er kompakt og i stor grad laga med plastmaterialar. 4,6 mm-ammunisjonen har ein svært høg utgangsfart, noko som gjev stor effekt i målet.

MP7 passar inn i ei klasse svært lette og kompakte finkalibra maskinpistolar som på engelsk har fått namnet personal defence weapon (PDW).

Norsk teneste endre

Den 31. mai 2007 underteikna Forsvaret kontrakt med Heckler & Koch om leveranse av 6 500 stk Heckler & Koch MP7.[1] Våpenet skal erstatta den gamle MP5-en og vart sett i teneste sumaren 2008.

Sjå òg endre

  • SN P90 – den næraste konkurrenten

Kjelder endre

  1. Forumet til forsvaret - Våpen med trøkk i, arkivert frå originalen 8. mai 2016, henta 1. januar 2018 

Bakgrunnsstoff endre