Hege Bae Nyholt

norsk politikar

Hege Bae Nyholt (fødd 2. august 1978) er ein norsk barnehagelærar og politikar frå Trondheim. Ho har sidan 2021 representert Sør-Trøndelag og partiet RaudtStortinget.[1]

Hege Bae Nyholt

Fødd2. august 1978 (45 år)
Statsborgar avNoreg
PartiRaudt
Yrkebarnevernspedagog, politikar
Alle verv

Nyholt er barnevernspedagog og er elles utdanna i tverrfaglege kulturstudiar. Ho har sidan 1990-åra vore aktiv i Palestinakomiteen og engasjert i solidaritetsarbeid for Libanon og den såkalla Vestbreidda. Ved valet til nye Trøndelag fylkesting i 2019 var ho Raudt sin fyrstekandidat. Saman med to partifellar fekk ho plass i det 59-manns store fylkestinget. To år seinare kom ho inn på Stortinget frå valkrinsen Sør-Trøndelag, vald gjennom eit utjamningsmandat. På Stortinget vart ho vald til leiar av Utdannings- og forskningskomitéen.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Biografi: Nyholt, Hege Bae», Stortinget (på norsk), 9. november 2021, henta 22. august 2023