Handball under Sommar-OL 2012/Kvinner

Handball under Sommar-OL 2012 for kvinner vart avvikla i tida 28. juli. til 11. august 2012 i London. Tolv land var kvalifisert og deltok i turneringa. Noregs mannskap forsvarte den olympiske meistertittelen frå Beijing-OL. Montenegro fekk sølv og Spania bronse.

FinalenEndra

Noreg tok føringa i kampen og leia 13-10 ved pause. I den andre heldt dei norske kvinnene stand og sigra til sist med 26-23. Linn Sulland vart norsk toppskårar med heile 10 nettkjenningar. Ida Alstad fylgde opp med 5 mål og Linn-Kristin Riegelhuth Koren med 3 mål. Tonje Nøstvold og Gøril Snorroeggen signerte kvar sine 2 skåringar, medan Heidi Løke, Kari Mette Johansen, Karoline Breivang, Kristine Lunde-Borgersen alle fann vegen til nettmauskane ein gong. Kari Aalvik Grimsbø og Katrine Lunde var målvakter. Også Marit Malm Frafjord, Amanda Kurtović og Camilla Herrem var med i det norske mannskapet. Katarina Bulatović var toppskårar for Montenegro med sine 10 mål.

Dommarane Charlotte og Julie Bonaventura frå Frankrike straffa Noreg tre 2-minuttsutvisingar og Montenegro sju 2-minuttarar og eit raudt kort.

KjelderEndra