Heidi Sundal (fødd 30. oktober 1962) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Oslo, som vann to OL-sølv og to VM-bronsar i tida 1986-93. Linjespelaren spelte i alle år på Nordstrand IF og vart noregsmeister med klubben i 1987.

Heidi Sundal
Statsborgarskap Noreg
Fødd 30. oktober 1962 (61 år)
Oslo
Yrke handballspelar
Høgd 165 centimeter

Sundal debuterte på Noregs landslag i ein kamp mot Jugoslavia den 8. november 1980. I desember 1986 var ho ein av dei sentrale spelarane då Noreg overraska og vann bronsemedaljen under handball-VM i Nederland. Både under Sommar-OL 1988 i Seoul og Sommar-OL 1992 i Barcelona spelte ho ei viktig rolle då Noreg vann sølvmedaljar i begge handballturneringane. Då Noreg på heimebane vann bronsemedaljen i handball-VM 1993 etter 20-19 mot Romania i bronsefinalen, vart ho kåra til den beste linjespelaren i meisterskapen.

Sundal deltok i 269 landskampar og skåra 731 mål for Noreg.

Merittar

endre
  • VM 1986: Bronsemedalje etter 23–19 mot Aust-Tyskland
  • OL 1988: Sølvmedalje etter 20–23 mot Sør-Korea
  • OL 1992: Sølvmedalje etter 21–28 mot Sør-Korea
  • VM 1993: Bronsemedalje etter 20–19 mot Romania

Kjelder

endre