Heikki Johannes Ikola (fødd 9. september 1947) er ein finsk tidlegare skiskyttar frå Jurva i Kurikka. Han vann VM-gullet på 20 km både i 1975, 1977 og 1981, samt gullmedalje for Finland i stafett under VM i skiskyting 1975. I alt tok han fire individuelle medaljar og seks stafettmedaljar i ulike OL og VM i tida 1972-81, alle ti medaljane i gull eller sølv.

Heikki Ikola
Statsborgarskap Finland
Fødd 9. september 1947 (76 år)
Jurva
Yrke skiskyttar
Høgd 181 centimeter

Aktiv endre

Ikola fekk i 1972 den fyrste av fem sølvmedaljar i stafett med Finland. Både denne fyrste i Sapporo og den fjerde stafettmedaljen i Innsbruck i 1976 var OL-sølv, medan medaljane han fekk i 1974, 1977 og 1979 var VM-sølv. I VM 1975 i Antholz vart han verdsmeister både på 20 kilometer og i stafett, den sistnemnde bragda gjorde han på lag med Heikki Flöjt, Simo Halonen og Juhani Suutarinen. Han vart dessutan nummer fire på 10 km i meisterskapen.

Ikola vart på ny verdsmeister på normaldistansen 20 km under verdsmeisterskapen i Vingrom i 1977, der han slo sølvmannen Sigleif Johansen med 25 sekundar. På finsk heimebane i Lahti i 1981 skaut Ikola 20 blanke treff på 20-kilometeren og tok sin tredje VM-tittel i øvinga, over minuttet føre det austtyske skiskytingsfenomenet Frank Ullrich.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar