Sigleif Johansen

Arnt Sigleif Johansen (fødd 25. oktober 1948) er ein norsk tidlegare skiskyttar frå Tana. Han vann sølvmedaljen på 20 km under VM i skiskyting 1977 i Vingrom og bronsemedaljen i same øvinga under VM 1979 i Ruhpolding, samt VM-sølv i stafett i 1978. Individuelt vann han fire noregsmeisterskap i tida 1976-81.

Sigleif Johansen
Sigleif Johansen.jpg
Fødd 25. oktober 1948 (72 år)
Tana
Yrke skiskyttar
Sigleif Johansen på Commons

AktivEndra

Johansen deltok i sitt fyrste verdsmeisterskap i skiskyting i 1975, og hamna langt nede på resultatlistene. Han fekk ikkje plass i OL-troppen 1976. Seinare i sesongen vann han likevel begge dei indivielle tevlingane under noregsmeisterskapen i Melhus. I 1977 vann han sølvmedaljen på 20 km under verdsmeisterskapen i Vingrom, berre slått av Heikki Ikola frå Finland. Året etter gjekk han på norske stafettlaget som tok sølv under VM 1978 i Hochfilzen, dei andre på laget var Odd Lirhus, Roar Nilsen og Tor Svendsberget. På 10 km i same meisterskapen kom han på femteplassen. Under VM i skiskyting 1979 i tyske Ruhpolding vann Johansen bronsemedaljen på 20 km, bakom verdsmeisteren Klaus Siebert frå DDR og Aleksandr Tikhonov frå Sovjetunionen. Johansen deltok i dei olympiske vinterleikane 1980 i Lake Placid, men utan å vinne nokon medalje.

KjelderEndra