Nils Blommér
Nils Blommér, opphavleg Nils Jakob Olsson, (12. juni 1816–1. februar 1853) var ein svensk målar som var busett i Paris og Roma.
Nils Blommér | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 12. juni 1816 Öveds församling |
Død |
1. februar 1853 (36 år) |
Yrke | kunstmålar |
Far | Anders Olsson |
Ektefelle | Edla Blommér |
Nils Blommér på Commons |
Liv og gjerning
endreBlommér var frå Blommerød i Skåne. Han byrja som lærling hos målaren Magnus Körner i Lund. 23 år gammal fekk han studieplass på kunstakademiet i Stockholm. År 1847 vart han tildelt stipend og reiste då til Paris, der han studerte hos den akademiske målaren Léon Cogniet. Hausten 1852 gifta han seg i Roma med den finske kunstnaren Edla Jansson. Få månader seinare døydde han av lungebetennelse i Paris.
Blommér var mykje påverka av straumdrag i tida, særleg frå dei romantiske forfattarane, landsmennene Erik Gustaf Geijer, Per Atterbom og Erik Stagnelius. Også den store, samtidige interessa for folkeviser påverka naturmystikaren Blommér sine verk, som han måla i Paris. Frå den franske hovudstaden sende han til Sverige mange måleri basert på nordisk mytologi og folklore. Dei mest kjende måleria bygger på førestillinga om alvar, til dømes Ängsälvor frå 1850. Dette arbeidet, og andre, som Sommarnattsdrömmen, Näcken och Ägirs döttrar, Idun och Brage og Älfvor, var dirkete inspirert av den austerrikske målaren Moritz von Schwind sine motiv frå folketrua. Blommér var viss på at naturen hadde ei ibuande sjel; alve-vesen og mytiske segnfigurar var symbolske uttrykk for denne.
Bakgrunnsttoff
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Nils Blommér» frå Wikipedia på svensk, den 24. oktober 2013.
- Denne artikkelen bygger på «Nils Blommér» frå Wikipedia på engelsk, den 24. oktober 2013.