Heinz Fischer

Heinz Fischer (fødd 9. oktober 1938) er ein austerriksk politikar frå det sosialdemokratiske partiet Sozialdemokratische Partei Österreichs som var president i landet frå 2004 til 2016.

Heinz Fischer
Heinz Fischer - Buchmesse Wien 2018.JPG
Fødd9. oktober 1938 (82 år)
Graz
Statsborgar avAusterrike
PartiSozialdemokratische Partei Österreichs
Yrkepolitikar, jurist, universitetslærar
InstitusjonarØsterrikes regjering
Utdanna vedUniversitetet i Wien
Universität Innsbruck
FarRudolf Fischer
EktefelleMargit Fischer
MedlemClub 45
VervPresident i Austerrike 2004-2016
FøregangarThomas Klestil
EtterfylgjarAlexander Van der Bellen

Fischer er fødd i Graz i Steiermark, og avla sin Matura (examen artium) i 1956. Han studerte deretter jus ved Universität Wien, der han i 1961 vart dr.jur. Han habiliterte seg i 1978, og vart i 1993 professor i statsvitskap. Fischer er innehavar av storkrossen av St. Olavs Orden.

Sidan 1971 har Fischer vore medlem av nasjonalrådet i Austerrike (underhuset i parlamentet i Austerrike). Mellom 1983 og 1987 var han forskingsminister i ein koalisjon under kanslaren Fred Sinowatz, og 1990-2002 var han president i nasjonalrådet.

Kandidaturet hans til å til å etterfylgje Thomas Klestil som president vart gjort kjent i januar 2004. Fischer la då ned partifunksjonane sine, som medlem av sentralstyret og viseformann.

Han vart vald til president i Austerrike 25. april 2004 med 52,4 % av stemmene, over den konservative motkandidaten, utanriksministeren i Austerrike, Benita Ferrero-Waldner. 8. juli same år vart han innsett som president, to dagar etter at forgjengaren Thomas Klestil døydde. Han vart gjenvald til stillinga den 25. april 2010, og sat som president fram til 8. juli 2016.

Heinz Fischer har vore gift med kona si Margit sidan 1968 og har to vaksne ungar. Han er ein ivrig fjellklatrar og mangeårig leiar for dei austerrikske naturvenene.