Heissøya (russisk Остров Хейса - Ostrov Khejsa) er ei øy i Frans Josefs land i Russland. Ho ligg sentralt i øygruppa, nord for Galljaøya, mellom Champøya og Wilczek land. Øya har eit areal på 132 km².

Heissøya
øy
Land  Russland
Del av Frans Josefs land
Areal 132 km²
Folketal 4
Kart
Heissøya
80°34′00″N 57°41′00″E / 80.566666666667°N 57.683333333333°E / 80.566666666667; 57.683333333333
Wikimedia Commons: Heiss Island
Plasseringa til Heissøya i Frans Josefs land

Heissøya er nesten isfri og har berre små iskapper sentralt på nordkysten. Det høgaste punktet er 242 meter over havet.

Sundet sør for Heissøya heiter Markamasundet og er 5 km på det smalaste. I aust ligg Austriskijsundet, med dei mindre Komsomoløyane på andre sida. I nord ligg det 7 km breie Jermaksundet med Zitsjy land på andre sida.

Neset på sørvestsida av øya heiter Mys Ostantsovij.

Historie endre

Khejsa var ein tidlegare sovjetisk rakettutskytingsbase på øya.

I dag ligg Krenkel hydrometeorologiske stasjon på øya (80°37′ N, 58°03′ E).

Øya vart opphavleg kalla opp etter polfararen Isaac Hayes, som utførte ein historisk polekspedisjon i 1850. Tyske kartografar germaniserte derimot namnet etter transkripsjon frå russisk og namnet Heissøya har vorte verande.

Nærliggande øyar endre

  • 7 km aust for Heissøya ligg Komsomoløyane (Острова Комсомольские - Ostrova Komsomolskije). Dei består av ei 7 km lang trekanta øy og to holmar på nordsida. Øygruppa er kalla opp etter Komsomolane i sovjettida. .
  • Det ligg ei 1,2 km lang øy utanfor ei lita bukt vest for det nordaustlegaste neset på Heissøya.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

80°27′N 58°03′E / 80.450°N 58.050°E / 80.450; 58.050