Hekla er ein stratovulkan sør på på Island med ei høgd på 1 488 meter over havet. Hekla er den mest aktive vulkanen på Island og det har vore over 20 utbrot ved og rundt vulkanen i kjend tid. Gjennom mellomalderen kalla islendingane vulkanen for «Porten til helvete».

Hekla
vulkan
Juli 2005: Hekla bak ei slette med vulkansk oske
Land  Island
Høgd 1 488 moh.
Koordinatar 63°59′N 19°42′W / 63.983°N 19.700°W / 63.983; -19.700
Vulkantype Stratovulkan
Siste utbrot 28. februar 2000
Kart
Hekla
63°59′32″N 19°39′57″W / 63.992222222222°N 19.665833333333°W / 63.992222222222; -19.665833333333
Wikimedia Commons: Hekla

Hekla er ein del av ein vulkanrygg som er 40 km lang. Den mest aktive delen av ryggen er om lag 5,5 km lang og vert rekna som den eigentleg vulkanen Hekla. Hekla ser mest ut som ein båt som ligg opp ned der kjølen er ei rekkje krater. To av desse er hovudsakleg dei mest aktive.

Kjende utbrot endre

Det tidlegaste nedteikna utbrotet til Hekla fann stad i 1104, men det må truleg ha vore mange fleire under tida då vikingane slo seg ned her. Utbrotet i 1104 var eit av dei største til Hekla og om lag 2,5 kubikkilometer med tefra vart spydd ut.

Sidan den gong har det vore mellom tjue og tretti utbrot og fjellet har stundom vore aktiv i periodar på seks år med små pausar imellom. Hekla hadde ein lang kvil på meir enn seksti år fram til 1845, då han brått braut ut 2. september.

Utbrota til Hekla er svært varierte og vanskelege å føresjå. Nokre er svært korte (ei veke til ti dagar), medan andre kan strekke seg til månadar og år (utbrotet i 1947 starta 29. mars og enda i april 1948). Men det er vanlegvis ein korrelasjon: Jo lenger Hekla held seg i ro, jo større og meir katastrofalt er det neste utbrotet (Þórarinsson, 1967).

 
Hekla har utbrot i 1980. Sett 4 km nordaust frå toppen.

Det nylegaste utbrotet var 26. februar 2000. Fram til då hadde forskarane trudd at Hekla ikkje var i stand til å produsere det mest farlege og øydeleggjande vulkanske fenomenet, ein pyroklastisk straum. I 2003 fann ein derimot spor etter ein 5 km lang straum nedover fjellsida.

 
Hekla sett frå Þjórsárdalur

Historiske og førhistoriske utbrot endre

Hekla hadde utbrot i 2000, 1991, 1980, 1970, 1947, 1845, 1766, 1693, 1636, 1597, 1510, 1434, 1389, 1341, 1300, 1222, 1206, 1158 og 1104.

Eit av dei største holocen-utbrota var utbrotet i 950 fvt. som kasta ut om lag 7,3 kubikkilometer med vulkansk stein i atmosfæren og truleg førte til at dei globale temperaturane fall dei neste åra.

Stora utbrot i førhistorisk tid:

  • Hekla-5: 6800 år sidan
  • Hekla-4: 4260 år sidan
  • Hekla-Sv: 3750 år sidan
  • Hekla-3: 2950 år sidan

Sjå òg endre

Kjelde endre

  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Hekla frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:
  • «Hekla». Global Volcanism Program. Smithsonian Institution. Henta 27. februar 2007. 
  • Anonymous (1872) Wonders of Creation: A descriptive account of volcanoes and their phenomena, e-text No. 6131, Project Gutenburg (vitja 28. november 2006)
  • Hutchinson, I.P. (1983) Upphaf Eldgossins í Heklu, 1980 Arkivert 2007-10-01 ved Wayback Machine. (On the Eruption of Hekla, 1980). Náttúrufræðingurinn, 52 (1–4), s. 175–183.
  • Þórarinsson, S. (1967) The eruption of Hekla in historical times. Vol. I: The eruption of Hekla 1947–48, Soc. Sci. Islandica, 38, s. 1–183
  • Bakgrunnsstoff endre