Heklenål
Ei heklenål er ein reiskap nytta til hekling og gimping. Heklenåla har ein krok i den eine enden. Denne vert nytta til å dra tråden gjennom maskene. Ein brukar berre ei heklenål om gongen.
Heklenåler kan lagast av tre, plast eller metall, og finst i mange storleikar. Det er fleire system for å gi heklenåler nummer. Det vanlegaste i noreg er å bruka tjukkleiken i millimeter.