Anni Helena Takalo, fødd Kivioja, (fødd 28. oktober 1947) er ein finsk tidlegare langrennsløpar frå Nivala i Norra Österbotten. Ho vart olympisk meister på 5 km i 1976 og verdsmeister i same øvinga i 1978. I verdsmeisterskapen 1978, som gjekk på heimebane i Lahti, spurta ho Finland inn til VM-gull på 4 x 5 km stafett. Takalo vann fem OL-medaljar og fem VM-medaljar i tidsrommet 1970 til 1980.

Helena Takalo

Statsborgarskap Finland
Fødd 28. oktober 1947 (76 år)
Nivala
Yrke langrennsløpar, mellomdistanseløpar
Helena Takalo på Commons

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap endre

Takalo vart tildelt Holmenkollmedaljen i 1977.

Kjelder endre