Helene C. Kløvstad
Helene Conradi Kløvstad (5. april 1903–13. mars 1998) var ein norsk lærar, forlagsredaktør og omsetjar.
Helene C. Kløvstad | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 5. april 1903 |
Død | |
Yrke | omsetjar, lærar, forlagsredaktør |
Kløvstad var den fyrste omsetjaren av Donald Duck & Co då teikneserien fyrst vart gjeven ut i Noreg i 1948.[1] Ho gav norske namn til figurane Carl Barks hadde teikna. Ho omsette Donald Duck & Co til norsk fram til utgangen av 1960.[2]
Helene Kløvstad var også barnebokredaktør. Ho samarbeidde med Thorbjørn Egner om dei fyrste banda av Thorbjørn Egners lesebøker.[3]
Av yrke var ho lærarinne i folkeskulen i Oslo og arbeidde særleg med born med lesevanskar.
Kjelder
endre- ↑ Rindal, Magnus (1998). Brobyggere: oversettelser til norsk fra middelalderen til i dag. Aschehoug. s. 154. ISBN 8203180604.
- ↑ Fra Duckburg til Andeby: Donald på norsk | Norsk Oversetterleksikon (på norsk bokmål), henta 19. februar 2022
- ↑ Stokke, Erle M. (1969-) (1999). Thorbjørn Egner. Biblioteksentralen. s. 15. ISBN 8270222402.