Helga Fretheim (4. april 18751. september 1954) var ein norsk forfattar.[1]

Helga Fretheim
Pseudonym Lillemor Prestefrue
Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. april 1875
Oslo
Død

1. september 1954 (79 år)
Oslo

Yrke skribent
Ektefelle Thorstein Fretheim

Familie endre

Helga Fretheim var dotter av overrettsassessoren Hans Peter Krag Ellefsen og Fredrikke Charlotte Høgjer. Ho vart gift 29. oktober 1901 med soknepresten, læraren og Venstre-politikaren Thorstein Fretheim[2] (1867-1927). Ekteskapet var barnlaust.

Liv og virke endre

Helga Fretheim vart uteksaminert frå Kristiania Handelsgymnasium i 1894, før ho ein periode var tilsett hos entreprenørfirmaet Høgjer-Ellefsen, eit selskap som vart grunnlagt av bror hennar Sigurd.[3]

Helga Fretheim skreiv i fleire år litterære småstykke under psevdonymet Lillemor Prestefrue.[4] Etter at ektemannen døydde i 1927 gav ho ut bøker der ho brukte røynslene frå livet som prestefrue på landsbygda. Ho debuterte i 1928 med Dalen bakom fjellet, der fleire av forteljingane av Lillemor Prestefrue er med. Historiene er inspirerte av Engerdal, der ektemannen var prest i perioden 1903-1909.[5]

Saman med Julie Enger stiftet Helga Fretheim i 1915 barnesamskipnaden Maigull på Årnes.[6]

Bibliografi endre

  • 1928: Dalen bakom fjellet, Lutherstiftelsen
  • 1930: Simen postmann – og andre fortellinger, Lutherstiftelsen
  • 1934: Fra prestegård og lave stuer, Lutherstiftelsen

Kjelder endre

  1. Morgenbladet 1954.10.15. 1954. 
  2. Studenterne fra 1887. 1912. s. 90-91. 
  3. Høyer, Theis (1986). Andreas Svennichsen Høyer (1669-1750), kjøpmann i Kristiansand og hans slekt. Slektsutvalget. s. 58. ISBN 8299140501. 
  4. Vestfinmarken 1928.12.08. 1928. s. 1. 
  5. Bygdebok for Engerdal. [s.n]. 1966. s. 285. 
  6. Indre Akershus Blad 1935.11.16. 1935. s. 2. 

Litteratur endre