Thorstein Fretheim den yngre

norsk prest og politikar

Thorstein Fretheim (26. februar 18679. februar 1927) var ein norsk prest, skulemann og Venstre-politikar. Han var stortingsrepresentant for Akershus frå 1913 til 1918.

Thorstein Fretheim den yngre
Fødd26. februar 1867
Ådal
Død9. februar 1927
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, prest
EktefelleHelga Fretheim

Fretheim var fødd i Ådal i Buskerud, der far hans var lærar, men voks for ein del opp på Eidsvoll. Han vart student i 1887 og cand. theol. i 1893, tok den praktisk-teologiske eksamen i 1895. Året etter tok han eksamen i samisk. Tida 1893-97 underviste han på ulike skular. I 1897 reiste han til Wisconsin i USA for å arbeide som prest ved norske evangelisk-lutherske kyrkjelydar. Frå 1901 var han tilbake i Noreg, og virka som kallskapellan i Vanse fram til 1903. Dei nest fem åra var han hjelpeprest i Østerdalens fjelldistrikt, residerande kapellan i Nes i Akershus frå 1909. Seinare var han sokneprest i Idd, Halden og Kråkstad.

Fretheim sat to periodar på Stortinget. Han var medlem i kyrkjekomiteen både i 1913-15 og 1916-18, den siste perioden også som komitéleiar. Fretheim var også involvert i lokalpolitikken i både Vanse, Rendalen, Nes i Akershus og Idd. Han var anten medlem av heradsstyret eller skulestyret. Elles var han formann i ei rekke foreiningar.

Kreftsjuk døydde Fretheim i 1927 i Kråkstad.

KjelderEndra

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

BakgrunnsstoffEndra