Helge Fiskaa
Helge Fiskaa (fødd 26. august 1942 på Byglandsfjord, død 6. september 2023 i Trondheim[1]) var ein norsk sivilarkitekt og planleggar. Han var frå 2012 professor emeritus ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU).
Helge Fiskaa | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 26. august 1942 Byglandsfjord, Aust-Agder fylke |
Død |
6. september 2023 (81 år) |
Yrke | arkitekt, professor |
Fiskaa blei uteksaminert ved NTH i 1966. Sidan var han tilsett ved Arkitektavdelinga på NTH, seinare Fakultet for arkitektur og biletkunst ved NTNU. I 2002 tok han doktorgrad i emnet fysisk-økonomisk planlegging, og han blei i 2006 utnemnd til professor ved Institutt for byforming og planlegging, der han òg var instituttleiar i fleire periodar fram til 2002. I si tid ved instituttet skreiv fleire lærebøker i fysisk planlegging og artiklar om planlegging.
Det var Fiskaa som i 2003 tok initiativ til eit nytt to-årig masterstudium i fysisk planlegging. Programmet kom i gang i 2005, og han var programkoordinator fram til 2012.
Fiskaa var politisk engasjert, både innan lokalpolitikken og i høve til sitt eige fag. Han var mellom anna leiar av Arkitektenes Fagforbund (AFAG) i åra 1989–1998. Interessa for planlegging og byutvikling førte til mange innlegg i avisene; til formidling av kunnskap om planlegging gjennom Wikipedia og til deltaking i byplankonkurransar. I 1986 fekk han, saman med kollega Sverre Nistov, 3. premie i ein idekonkurranse om planlegging av ein ny bydel i Steinkjer.
Bibliografi (utval)
endre- 1974 – Byfornying - Midler og metoder for fornying av byer og tettsteder. Forskningsrapport, (medforfattar)
- 1987 – Plan og resultat. Om endring og gjennomføring av reguleringsplaner. NIBR-rapport (med August Røsnes)
- 1993 – Stedsanalyse Lademoen, Trondheim kommune. (med Sverre Nistov)
- 1996 – «Ein by i vekst og omforming. Planlegging og utvikling i Trondheim etter krigen». I: Årbok for Trøndelag Folkemuseum
- 2000 – Planlegging og bærekraftig utvikling (redaktør, med T. Skjeggedal)
- 2002 – Med lov skal land byggast. Norsk fysisk-økonomisk planlegging dei fyrste åra med bygningslova av 1965 Dr. ing.avhandling. Les i fulltekst[daud lenkje]
- 2005 – «Past and Future for Public Participation in Norwegian Physical planning». I: European Planning Studies
- 2009 – «What can we learn from previous attempts at Master Planning in Norwegian Rural Municipalities?». I: European Journal of Spatial Development. Les i fulltekst Arkivert 2013-06-26 ved Wayback Machine.
- 2009 – «Traditions and Changes in Planning Systems in six Countries.» IV Nordic Symposium: Planning and Culture
- 2011 – Planleggings- og forvaltningssystem i seks land - Danmark, England, Finland, Nederland; Norge, Sverige
- 2011 – «If Norwegian Planning is Everything, Maybe it’s Nothing.» 5th Nordic Planning Research Symposium
- 2012 – «Norsk og svensk PBL - i ulike retninger?» I: Plan (svensk)
- 2012 – «The high ambitions of Norwegian Planning». AESOP2012: Planning to Achieve/ Planning to Avoid
Bakgrunnsstoff
endre- NTNU si informasjonsside om avhandlinga til Fiskaa. Vitja 13. januar 2013
- Publikasjonar av Helge Fiskaa i BIBSYS
- Publikasjonar av Helge Fiskaa i forskingsdokumentasjonssystemet Cristin
- ↑ «Dødsannonser», adressa.no (på norsk), henta 14. september 2023