Helgeland Skogselskap

Helgeland skogselskap er ein ideell organisasjon som har til formål å fremje forståinga for den mangesidige tydinga til skogen. Laget er tilknytt Det norske Skogselskap.

Helgeland Skogselskap var stifta den 23. juni 1905, etter at Nordlands Amts Skoghusholdningsselskap var nedlagt året før. Initiativtakarane var godseigar Hans Coldevin på Dønnes og lensmann A.B. Hansen, kjøpmann Hans A. Meyer, skogforvaltar Einar Nilsen og skogplantar Th. Scheflo, alle frå Mo i Rana. Blant innbudarane til stiftingsmøtet var elles m.a. stortingsmennene Kristian Andersen Grimsø og Mikal Bjørnåli, og folkehøgskolelærar Odin Benum.

Helgeland skogselskap driv Alstahaug planteskole.

Helgeland skogselskap eig m.a. eigedommane Østenbakken i Rana, Tuvneset ved Ømmervatnet i Vefsn, Lauvøya i Dønna og Finnkona i Leirfjord.

Laget har mottoet «Vi vil skogkle Helgeland».

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra

  • Arvid Sveli 1987: Skogbruk i Nord-Norge ISBN 9034911-4
  • Arvid Sveli 1980: Helgeland Skogselskap gjennom 75 år