Anton Mikal Bjørnaali
norsk politikar
(Omdirigert frå Mikal Bjørnåli)
Anton Mikal Bjørnaali (1867–1949) var ein norsk målmann og stortingsmann.
Anton Mikal Bjørnaali | |||
Fødd | 9. juli 1867 | ||
---|---|---|---|
Død | 23. september 1949 (82 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Bjørnaali verka som lærar i Vefsn og Mosjøen då han i 1900 vart vald inn på Stortinget som ein av Venstre sine representantar frå Nordland. Bjørnaali møtte på Stortinget i tre periodar, til 1909. Med sterk tilknyting til målrørsla og ungdomslagsrørsla høyrde han til den nasjonalradikale fløya i Venstre. I 1905 høyrde han til det vesle mindretalet som røysta mot å godkjenne Karlstadforliket.
Bjørnaali var fyrste formann i Vefsn Mållag (1899).
Frå 1910 budde han i Langesund og seinare Lillehammer, som lensmann, banksjef og skattefut.
Kjelder
endre- Kjell Jacobsen «Helgeland 1905 - Enighet og splittelse» i Årbok for Helgeland 2005