Helgen kyrkje er ei lafta langkyrkje frå 1735 i Nome kommune i Telemark.

Helgen kyrkje
kyrkje
Helgen kyrkje
Foto: Bohuslen
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Agder og Telemark
Prosti Øvre Telemark
Sokn Holla og Helgen
Fellesråd Nome
Type Langkyrkje
Teknikk Lafteverk
Material Tre
Innvigd 1735[1]
 - Vigd til Heilag-Olav
 - Endringar Rest. 1868, 1875–76, 1985
Klokker 2, ca. 1200
Kyrkjegard Ved kyrkja
Preikestol 1876, evangelistbilete 1985
Døypefont Frå mellomalderen
Altartavle Terje Grøstad, 1985
Sitjeplassar 110[2]
Diverse Krusifiks over korboga frå ca. 1200
Kart
Helgen kyrkje
59°15′14″N 9°21′33″E / 59.25388889°N 9.35916667°E / 59.25388889; 9.35916667
Wikimedia Commons: Helgen kirke

Helgen gamle kyrkje endre

Kyrkja avløyste ei stavkyrkje frå omkring 1200 som var vigd til Heilag-Olav.[3] Denne kyrkja var mørk og utan omn, og hadde plass til berre om lag 80 personar. Etter reformasjonen var kyrkja rekna som krongods, og i 1723 vart ho som andre kyrkjer seld på auksjon av kong Fredrik IV. Justistråd Herman Leopoldus tok over i 1734, og han fann at kyrkja var so forfallen at ho ikkje lot seg reparere. Ho vart riven året etter.

Helgen kyrkje endre

Den nye kyrkja stod ferdig i 1735 med lafta skip og kor. Midt på skipet var ein takryttar med to klokker som var overført frå gamlekyrkja. Framfor inngangen var eit lite bislag. Inventar som preikestol, døypefont, messehakel og ljosestaker var òg overført frå gamlekyrkja. Forfattaren Conrad Nicolai Schwach har skildra kyrkja som «...en træbygning, der mere ligner en stald end et Gudshus og er formodentlig den uanstendigste Kirke i Landet».[4]

Restaureringar endre

Kyrkja stod meir eller mindre uendra til ho vart restaurert i 1868, året etter at kommunen tok over eigarskapen. Då vart takryttaren og det vesle bislaget fjerna, og tårnet vart oppført. I 1875–76 fekk kyrkja sakristi, og innerveggane fekk panel. Kyrkja fekk nye vindauge og dører og eit galleri i vest. Kyrkja fekk ein ny og enkel preikestol, medan den gamle frå stavkyrkja kom i privat eige og var øydelagd.[5] Dessutan fekk ho nye, opne kyrkjestolar og ein trekross som altartavle. Krossen vart bytta ut med ei ny tavle måla av Terje Grøstad til 250-årsjubileet i 1985. Grøstad måla evangelistbilete på preikestolen ved same høve.

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. 8. juni ifylgje dei fleste kjeldene, medan N.C. Schwach seier 25. juli.
  2. Kyrkjeleksikonet.
  3. S. Ytterbøe: Holla – historisk skildring av bygda og dens utvikling, Oslo 1925.
  4. Henriksveen (1986), s. 97.
  5. Ytterbøe, op.cit.

Bakgrunnsstoff endre