Fiskeslaget kveite
fiskeart
(Omdirigert frå Hellefisk)
- Denne artikkelen handlar om fiskeslaget kveite. For kornslaget, sjå kveite.
Kveite (Hippoglossus hippoglossus), på Austlandet ofte kalla hellefisk, er ein flyndreart som held til i det nordlege Atlanterhavet. Han er ein av dei største flatfiskane me kjenner til; hoene kan bli opptil 300 kg, og over 3,5 meter lange. Hannane blir berre 50 kg. Fisken vert mykje nytta til mat.
Kveite | |
Kveite | |
Status | |
Status i verda: Nær truga Status i Noreg: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Actinopteri |
Orden: | Flyndrefisk Pleuronectiformes |
Familie: | Flyndrefamilien Pleuronectidae |
Slekt: | Hippoglossus |
Art: | Kveite H. hippoglossus |
Vitskapleg namn | |
Hippoglossus hippoglossus |
I Nord-Noreg har det frå gamalt av vore knytt eit namnetabu til namnet «kveite». Ein skulle ikkje nemna det mens ein var på havet, elles slo fisket feil. I staden sa ein «gudsfisken».
Namn
endreNamnet «hellefisk» har opphav i nemninga heilag fisk eller helgefisk. I katolsk tid vart kveita eten i helger, når det var forbode å ete kjøt.[2] Ordet «kveite» er avleidd av «kvit» – kveita er kvit på undersida.[3]