Helleristingane i Skogerveien

Helleristingane i Skogerveien i Drammen er eit felt med veideristninger frå sein eldre steinalder, ca. 6000 før notid.

Helleristingane i Skogerveien

Kart
Helleristingane i Skogerveien
59°43′31″N 10°13′04″E / 59.72527222°N 10.21775556°E / 59.72527222; 10.21775556

Feltet består av to bergpanel rett ved sida av kvarandre, vestvendt og ca. 60 meter over havet. Ein reknar med at dei har lege i strandkanten då dei vart laga. Tilsaman er det 46 figurar, dei fleste av elg, men det er òg ein 2,3 meter lang kval, ein ubestembar fugl og eit dyr som har vore tolka som ein bever. Det er i tillegg ein del ubestemmelige teikningar. Dyra er utførte i ganske stilisert omriss og utstyrt med innvendig geometrisk ornering. Dette er det einaste veideristningsfeltet på Austlandet der det er avbilda både sjø- og landdyr.

Feltet vart funne i 1930. Då vart det òg funne eit tredje felt rett nord for dei andre, som no ligg under gatelekamen i Skogerveien. På 1990-talet vart det oppdaga alvorlege tendensar til forvitring i bergflata, og det vart difor, i 2007, reist eit vernebygg som skal halda regnvatn og annan klimapåverknad ute. Ved arbeida kring dette vart det funne ei bergartsøks av nøstvettype, som moglegvis kan ha ein samanheng med ristingane.

Bilete endre

Kjelder endre

Litteratur endre

  • Egil Mikkelsen: Østnorske veideristninger – kronologi og økokulturelt miljø. Viking XL. Oslo 1977

Bakgrunnsstoff endre