Bever

pattedyrart
Bever
Bever
Bever
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av bever
Utbreiinga av bever
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Gnagarar Rodentia
Familie: Beverfamilien Castoridae
Slekt: Castor
Art: Bever C. fiber
Vitskapleg namn
Castor fiber

Bever (Castor fiber), også kalla eurasisk bever, er éin av berre to gjenlevende artar med gnagarar (Rodentia) i slekta Castor, som er den einaste slekta i beverfamilien (Castoridae) med nolevande artar. Arten er terrestrisk og semi-akvatisk, og er kjend for trefellande aktivitet i og oppdemming av vassløp i naturen (særleg i bekkefar og små elvar), til såkalla beverdammer som overfløymer området rundt. Arten er utbreidd i sentrale delar av den palearktiske sona, medrekna Noreg.

Ordsoge endre

 
Med dei formidable framtennene sine kan beveren fella eit tre med ein diameter rundt 15–20 cm i løpar av eit kvarters tid
Foto: Sylvain Haye, 2008

Ordet «bever» er innlånt frå mellomnedertysk og har nesten heilt fortrengt det heimlege ordet bjor, som kjem frå det norrøne bjórr.[1] Norske stadnamn med Bjor- eller Bjør- som fyrsteledd kan vera knytt til førekomstar av bever.[1][2]

Taksonomi endre

Amerikabever (C. canadensis) og bever er dei to siste av slaget sitt på kloden. Alle andre beverar er anten blitt utrydda eller har døydd ut naturleg. Dei to skilde truleg lag for kring 7,5 millionar år sidan, då beveren koloniserte Nord-Amerika frå Asia, via landsbrua som oppstod over Beringsundet.

Beveren skil seg ikkje vesentleg frå den amerikanske slektningen sin, verken i utsjånad eller levesett. Amerikabever er ein dørstokkart i Noreg. I 1937 blei han nemleg utsett i Søraust-Finland, der han klarte seg klart betre enn lokal bever, og auka betydeleg i tal i høve til den heimlege beveren. Amerikabever blei òg freista utsett i Finnmark i 1964-1965, men ei undersøking i 2017 kunne ikkje bekrefta at arten framleis var til stades. Med bakgrunn i finske forhold, meiner nokon det er mogleg at amerikabever kan utkonkurrera den innfødde beveren dersom han invaderer Noreg og Sverige, sidan han har høgare forplantingsrate. Hybridisering kan likevel ikkje skje, sidan dei to artane har forskjellige tal kromosom (bever har 48 kromosompar medan amerikabever har 40 kromosompar).[3]

Biologi endre

 
Osp felt av bever ved Farriskilen.
 
Beverdemning
Foto: Peter Zelizňák, 2017
 
Ei beverhytta blir ofte plassert i vasskanten, særleg i elvar. Ho har alltid minst to inn-/utgangar, som begge ligg under vasspegelen
Foto: Tommy Halvarsson, 2008
 
Nokre beverar plasserer beverhytta uti dammen, med vatn på alle kantar
Foto: Simon Mannweiler, 2019
 
Beverar grev òg ut jordhòler som bustad, og i dette tilfellet òg ein vassfylt kanal som ein tryggleiksfunksjon.
Foto: Ciacho5, 2013

Skildring endre

Beverane er dei største gnagerne på den nordlege halvkula, og berre det søramerikanske flodsvinet (Hydrochoerus hydrochaeris) blir større i heile verda.[4]

Den eurasiske beveren har ei kroppslengd på inntil 80–100 cm og veg normalt 15–25 kg (typisk 18–22 kg), og sjeldan òg opp mot 30–40 kg.[5] I Namdalseid i Trøndelag blei det til dømes i 2017 skote ein bever som vog heile 34 kg, noko som truleg er noregsrekord.[6] I tillegg til kroppslengd kjem den flate, kraftige og skjelkledde halen med cirka 28–32 cm (30 cm i snitt).[7] Hoer blir i snitt cirka 1–1,5 kg tyngre enn hannar, men dei er umoglege å skilja frå kvarandre med det blotte auget, så lenge ikkje hoa er høggravid eller diegjevande.[8] Beverar skjuler nemleg dei ytre kjønnsorgana sine og analopninga i ein ytre hudfold, som kan minna om ein kloakk.[9]

Kroppen er tett, kraftig og massiv, og hovudet og nakken er massive og går nærast i eitt med resten av kroppen. Kjevar og kjevemuskulatur er særs kraftfulle, og dei formidable fortennene, som er arbeidsreiskapen til beveren, veks kontinuerleg gjennom heile livet. Øyra svært små og tilnærma skjult av den tette vassavstøtende pelsen. Både øyre og nasebor kan lukkast når beveren dykkar, medan dei relativt små øyane blir dekte av ein vernande membran. Dei fremre ekstremitetane er korte og ganske spinkle, men hendene har gripeeigenskapar og fingrane er utrusta med sterke klør. Bakbeina er noko lengre og ganske kraftige, og bakføtene er utrusta med symjehud mellom dei lange tærne, som også er utrusta med lange klør.[10]

Den tette to-lagspelsen skiftar i nyansar av brunt, frå gulbrun og raudbrun til nøttebrun og gråbrun, og består av svært tettveksande (cirka 12 000–23 000 pelshår per kvadratcentimeter, avhengig av årstida) og godt isolerande underull og lange oljeaktige stivare dekkhår, som blir litt mørkare mot tuppane.[4][11] Halen har tett pels nær rota, men huda er dekt av eit mørkt skjelliknande hornstoff frå der halen flatar ut og dannar den karakteristiske padleåre-liknande delen av halen. Feittet i halen fungerer som opplagsnæring for beveren utover vinteren. Sanseapparatet er velutvikla, bortsett frå synet, som er dårleg. Luktesansen er likevel spesielt velutvikla.[10]

Beverar har ei krum, såkalla hypsodont (tenner med opne røter som fortset veksa gjennom heile livet) fortann i kvar kjevehalvdel, men ingen hjørnetenner. Dei har likevel vanlegvis fire hypsodonte jekslar, som har kroner som kan vera dekt av sement. Det er emalje berre på framsida av fortennene, og dessutan emalje og dentin på tyggeflatene til jekslane. Når beveren tygg blir underkjeven ført fram og tilbake, slik at plantefibrane blir malne opp. Tennene blir nydanna frå rota gjennom heile livet til beveren, slik at dei held på lengda over tannkjøttet.[12]

Tannformelen til beverar er: 1 0 1 3/1 0 1 3 = 20.[9]

Åtferd endre

Bever er en semi-akvatisk territorial art som berre lever i ferskvatn.[13] Han lever i små sosiale familiegrupper som består av foreldra og eventuelle ungar frå årets og eventuelt også fjorårets kull og av og til også tidlegare kull. Berre foreldrene formeirer seg, sjølv om ungane er blitt kjønnsmogne. Territoriet blir markert med luktstoff frå bevergjelpungen og analkjertlane, og arten vil forsvara territoriet sitt heftig mot inntrengarar frå ei anna familiegruppe.[14] Arten er mest aktiv om natta, men ein kan også sjå han på dagtid, særleg i grålysinga og skumringa. Dyret er ein uvanleg god symjar, men på land beveger han seg mindre effektivt. Den padleåre-forma halen blir brukt både til framdrift i vannet og som eit effektiv varslingsverktøy. Beveren slår i vassflata med den flate halen når han merkar fare og vil varsle dei andre, og smellet av halen er ganske kraftig.

Beveren er ein særs god dykkar, og det blir hevda at han kan opphalda seg under vatn i opptil 15 minutt. Ei norsk doktoravhandling frå 2017 bekreftar likevel at beveren dykkar både kortare, sjeldnare og grunnare enn ein tidlegare hadde trudd. Studien omhandla 33 beverar (19 hannar og 14 hoer) som blei utrusta med tri-aksial akselerometer og GPS-system, slik at ein kunne studera åtferda kontinuerleg. Metoden var i stand til å identifisera sju ulike åtferdstypar; ståande, gåing, symjing, fôring, pelsstell, dykking og søvn. Det viste seg at beverane i snitt berre dykka i 2,8 % av tida. Gjennomsnittdykket varte i berre 30 sekund og gjekk typisk berre til éi meters djupne. Det lengste dykka som blei registrert varte i 7 minutt.[15]

Beverpar er monogame og held saman livet ut. Paringstida er i tidsrommet desember–februar, avhengig av breiddegrad og klima. Hoa går drektig i 105–107 dager og får eit årleg kull, typisk med 1–4 unger, på vårparten. Ungane er pelskledde frå dei er førdde, og veg typisk 300–700 g. Augo opnar seg rett etter fødselen, og sjølv om ungene dier mora dei fyrste 2–3 månadane, vil dei alt etter ei vekes tid vera i stand til å konsumera vegetasjon. Ungane blir verande i hytta den fyrste måneden eller to. Når dei blir kjønnsmogne etter cirka 2 år, vil ungene som regel forlata foreldra og prøva å etablere sitt eige territorium. Nokre ungar kan likevel bli verande hjå foreldrene i mange år, særleg om det ikkje finst eigna nye habitat å slå seg ned i. Desse vil likevel ikkje formeira seg.[16]

Beverar er planteeterar. Føda består av bork og unge greiner frå ei rekkje ulike lauvtre, som bjørk, hassel, osp, rogn, selje og vier, og truleg mange urteaktige vassplantar i sommarhalvåret.[10] Trea blir felte i nærleiken av dammen, og det blir hevda at ein bever kan gnaga over og fella eit 15–20 cm tjukt tre i løpet av eit kvarters tid.[10] Trefelling er elles den største oppgåva i livet til ein bever, sidan borken og dei tynne greinene gjev mat og stammen og dei litt tjukkare greinene gjev byggemateriale til både beverhytta og demningane, som elles blir tetta med jord og stein.[10] Så dyktig er beveren til å fella at han til og med feller trea på ein slik måte at dei fell slik at jobben med å frakta det vidare blir så minimal som mogleg. Beveren samlar elles saman greiner frå lauvtre som han legg på botnen av dammen/vatnet og bruker som mat igjennom vinteren.

Beverhytta blir ofte plassert i vasskanten, slik at ein del av ho står i vatn, og inngangen (det er to av dei) er alltid plassert under vatn. Ho kan likevel òg plasserast ute i dammen, med vatn på alle kantar. Byggverket er så kraftig at rovdyr ikkje klarer å trenga gjennom veggene, som består av eit tett flettverk av kvister og greinar og kan vera opp mot 30 cm tjukke. Med inngangen under vatn er derfor beverane trygge i hytta. Innvendig er hytta slett og golvet dekt av tørt gras. Av og til kan òg hytta ha to rom og ein inngang som går via ein tunnel i bakken og ut under vassoverflata. Beveren bygger likevel ikkje alltid hytter. Det hender òg at bustaden blir lagd til jordhòler, som beveren grev ut i ein bratt jordskrent, skråbakke eller liknande, men alltid så nært vatnet som mogleg. Det finst døme på at beveren i slike tilfelle grev kanalar fram til hòleopningane, om bustaden må gravast ut eit lite stykke frå vatnet. Beveren grev av og til òg jordgangar, for å få enklare tilgang frå vatnet til landområda, på stader der strandkanten er bratt.[17] Slike jordgangar har ein òg funne i dike og jorddemningar.[17]

Beverdemninga blir bygd på same måte som hytta, men demningane består òg av større stokkar og steinar i fundamentet. Trestammar, greiner og kvister blir fletta saman og blir tetta med lauv, mose, jord, stein og anna rusk og rask (inkludert plast og metall) som beverane måtte finna rundt om i territoriet. Demninga er eit kontinuerleg prosjekt, som beverane må halda ved like heile tida. Beverane grev òg ofte kanalar ut frå dammen, for enklare å kunna frakta trevirke frå fellingsplassane til vedlikehaldet av demninga og hytta. Når beverane har opphalde seg på ein stad tilstrekkeleg lenge, vil det bli mangel på virke i nærleiken av dammen. Då må dei flytta til ein ny stad og byrja på nytt.

Gjennom å demma opp skaper òg beverane eit levande økosystem i ein biotop tilpassa behovet til arten.[18] Derfor er den òg ein nøkkelart, sidan aktiviteten i innsjøar og vassdrag med å bygga demningar fører til at mange plantar hamnar under vatn og blir til næring for ei mengde andre smådyr og kryp.[18][18] Fisk og ender er blant dei som direkte nyt av aktiviteten til beveren, men i kantvegetasjonen rundt demningane finn òg ei rekke andre artar mat.[4]

Bestandsutvikling endre

 
Bevergjel (castoreum) etter amerikabever
 
Dei fornemste flosshattane var trekte med kastorfilt

Etter den siste istida reknar ein med at beveren var utbreidd i nesten heile Europa og vidare austover gjennom det boreale barskogbeltet til Stillehavskysten, men gjennom mellomalderen og fram til mot slutten av 1800-talet vart bestanden kritisk redusert i tal og sterkt fragmentert, som følgje av jakttrykket.[19]

Beverpels og bevergjel var ettertrakta og verdifullt, men folk åt òg beverkjøtt, og gjer det framleis.[20][21] Den feittrike beverhalen blir av mange rekna som ein utsøkt delikatesse.[21]

Pelsverket blei spesielt populært i Europa, der den europeiske hattemoten kravde beverhårsfilt (òg kalla kastorfilt og beverfilt), gjort av den tettveksande underpelsen på beveren. Statusen til beverhatten kan truleg best beskrivast med at ein kunne bera beverhatt ved nær sagt alle høve, som i kyrkja og ved middagsbordet. Jakttrykket skapte ei flaskehalshending for beverane, som nesten blei utrydda som følgje av behovet hattenæringa hadde for beverpels. Bevergjel (castoreum) var etterspurt innan medisinen. Det hadde vore ettertrakta som legemiddel sidan antikken og kunne etter det ein trudde brukast mot det meste, både i pulverform og som tinktur (eit sprithaldig ekstrakt). Det blei mellom anna brukt mot leddgikt og hoggormbit, men òg som eit beroligande og krampestillende middel.[20][21]

Dette gjekk hardt ut over bestandane, og ekspertar reknar med at den globale populasjonen av eurasisk bever blei redusert til kring 1 200 individ ved inngangen til 1900-talet.[22] Desse overlevde òg berre i eit fåtal fragmenterte refugium.[23][19][22] I Europa var det rundt år 1900 berre seks slike refugium, men tre av dei (i Pripjatmyrene) låg såpass tett at dei sidan er blitt rekna som eitt.[19] I tillegg fanst eit femte refugium lenger aust i Asia.[22]

  1. ) Noreg (C. f. fiber): Vassdraga rundt Nidelva og TovdalselvaSørlandet; 60–120 individ (i eitt refugium)
  2. ) Tyskland (C. f. albicus): Langs øvre del av Elben; <200 individ (i eitt refugium)
  3. ) Frankrike (C. f. galliae): Nedre del av Rhône; cirka 30 individ (i eitt refugium)
  4. ) Belarus/Ukraina (C. f. belarusicus): Pripjatmyrene; <400 individ (i tre refugium)
  5. ) Vest-Asia (C. f. orientoeuropaeus): Konda-Sosva 300

I løpet av 1900-talet har beverbestanden tatt seg opp igjen, delvis gjennom vernetiltak og gjenutsetting på stader der han var utrydda, men utbreiinga er blitt vernade fragmentert. Ein studie frå 2014 viste dessutan at populasjonen av eurasisk bevar i dag har eit signifikant lågare biologisk mangfald enn før flaskehalshendinga som nesten førte til at arten blei utrydda.[24] I 2012 vart bestanden av eurasisk bever anslått til over 1 million individ, der 212 000 hadde heile opphavet sitt etter dyr frå refugiet på Sørlandet og 114 000 frå dyr med delvis opphav frå Sørlandet.[19][22][19] Verdas naturvernunion gav i februar 2018 denne oversyna av utbreiinga til beveren:[25]

  1. ) Bever finst naturleg i: Belarus, Frankrike, Kina, Kasakhstan, Luxembourg, Mongolia, Noreg, Russland, Tyskland
  2. ) Bever er utdøydd i: Moldova, Portugal, Storbritannia, Tyrkia
  3. ) Bever er gjeninnført i: Belgia, Danmark, Estland, Finland, Italia, Kroatia, Latvia, Liechtenstein, Litauen, Montenegro, Nederland, Polen, Romania, Serbia, Slovakia, Slovenia, Spania, Sveits, Sverige, Tsjekkia, Ungarn, Ukraina, Austerrike
  4. ) Bever finst òg med ukjent opphav i: Bulgaria

Utrydding og gjeninnføring av bever endre

Norden endre

– I Danmark forsvann beveren allereie i bronsealderen, for cirka 3 000 år sidan. I oktober 1999 blei 18 beverar frå Elben i Nordtyskland gjeninnførte til Klosterhede skov vest for Holstebro. Dei ser ut til å klara seg bra.

– I Sverige og Finland blei beveren utrydda rundt 1870.[19]

– I Noreg blei arten aldri heilt utrydda, ettersom nokre få individ overlevde i eit refugium på Sørlandet.[19]

Norsk eksport endre

 
Kommunevåpnet til Åmli kommune i Agder viser ein bever

Bever blei fyrst freda i Noreg i 1845, i skogane til Næs Jernverk (som då heitte Jacob Aall & Søn) i Tvedestrand, så i heile Noreg frå 1898.[26][26] I 1918 hadde den norske bestanden av bever tatt seg opp til kring 7 000 individ.[26] På det mest kritiske var det truleg berre 60–100 individ igjen. Per 2015 hadde likevel den norske bestanden av bever auka til meir enn 70 000 individ.[19] Med utgangspunkt i den vesle overlevande bestanden på Sørlandet blei beveren seinare òg gjeninnført rundt om i Noreg og til Sverige og Finland, og seinare òg til andre land i Europa.

Det var dei to sørlendingane Peder Martinius Jensen og Sigvald Salvesen frå Åmli i Agder som var hovudmennene bak eksporten av sørlandsbever i mellomkrigsåra, seinare òg Harald Jensen, som var son av førstnemnde Jensen.[26][19][26] Dei to opererte nærast som konkurrentar, og delte eksporten mellom seg. Jensen eksporterte bever for gjeninnføring i naturen, medan Salvesen eksporterte til zoologiske hagar og dyreparkar med meir.[26] I åra 1922–1939 vart i så måte 80 sørlandsbeverar gjeninnført ved 19 ulike destinasjonar i Sverige.[19] I tillegg kom etter kvart òg naturleg migrering over riksgrensa. I etterkrigsåra var fangstmannen Aslak Harstveit sentral i eksporten av norsk bever.[26] Han samarbeidde mellom anna med Harald Jensen. Harstveit og Jensen utplasserte det første beverparet i Sørreisa i 1953, og Harstveit dreiv på fram til og med 1970-åra.[26][19]

Den svenske bestanden telte cirka 130 000 individ i 2015, og er etterkommarar av maksimalt 49 sørlandsbeverar.[19] I Finland blei 17 sørlandsbeverar og 7 amerikanske beverar gjeninnførte i perioden 1935–1937. Dette var før ein forstod at eurasisk og amerikabever er to ulike artar. I ettertid har den amerikanske beveren klart seg betre enn sørlandsbeveren, truleg som følgje av at arten har ein høgare forplantningsrate. Finland har i dag cirka 3 000–5 000 amerikanske beverar, mot cirka 800 sørlandsbevere.

Dei britiske øyane endre

Beveren blei truleg funksjonelt utrydda alt på 1500-talet, kanskje som følgje av hattemoten. Den 29. mai 2009 blei 11 beverar reintroduserte til Mid-Argyll i Skottland.[27] Det gjeld òg planar om utsetjing andre stader på øyane, mellom anna i Devon.

Frankrike endre

Dei cirka 30 gjenlevende beverane langs Rhône blei freda i 1909, og i 1929 blei det oppretta eit reservat for å verna bestanden betre. Frå 1959 av er det sett ut beverar fleire stader over heile landet, og bestanden er i dag på cirka 5 000 dyr.

Benelux endre

I Nederland blei det sett ut 95 beverar frå Elben i 1988.

Tyskland endre

På byrjinga av 1900-talet var det cirka 200 beverar igjen ved Elben. Etter jaktforbod i 1910 auka bestanden, og i 1930-åra blei det òg sett ut beverar andre stader i landet. Andre verdskrigen reduserte bestanden dramatisk, men etter krigen har han tatt seg opp igjen. Frå 1966 er det sett ut beverar ei rekke stader, og den tyske bestanden er i dag på 13 000–15 000 individ. Dette inkluderer òg Rhône-dyr, som er naturleg innvandra frå Frankrike.

Russland, Belarus og Ukraina endre

I 1917 var det cirka 800–900 beverar igjen i det dåverande russiske keiserdømmet, fordelt på fire ulike stader (to i den europeiske delen og to i den asiatiske). I 1922 blei han totalfreda. Med utgangspunkt i denne bestanden blei det sett ut beverar ei rekke ulike stader i sovjettida.

Beverjakt endre

Det er lange tradisjonar for beverjakt i heile utbreiingsområdet til beveren. Etter at han nesten blei utrydda har det likevel vore mange avgrensingar på grunn av freding. I Noreg har bestanden tatt seg opp igjen og beverjakt er igjen tillaten i perioden 1. oktober–30. april, i dei kommunane som opnar for jakt på arten.[28]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Geir T. Zoëga, A Concise Dictionary of Old Icelandic, s.v. "bjórr 3" (London, England: Oxford University Press, 1910), 56.
  2. bjor- i Store norske leksikon på snl.no. Hentet 30. september 2020 fra https://snl.no/bjor-
  3. Roisin Campbell-Palmer, Derek Gow, Gerhard Schwab, Duncan Halley, John Gurnell, Simon Girling, Skip Lisle, Ruairidh Campbell, Helen Dickinson, Simon Jones, Howard Parker, Frank Rosell (2016). The Eurasian Beaver Handbook: Ecology and Management of Castor fiber. Pelagic Publishing Ltd. s. 214. ISBN 9781784271152. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Christensen, Tor Bjarne (2013) Reddet i tolvte time Arkivert 2022-07-05 ved Wayback Machine.. Natur & miljø, Naturvernforbundet, 22.03.2013.
  5. Roisin Campbell-Palmer, Derek Gow, Gerhard Schwab, Duncan Halley, John Gurnell, Simon Girling, Skip Lisle, Ruairidh Campbell, Helen Dickinson, Simon Jones, Howard Parker, Frank Rosell (2016). The Eurasian Beaver Handbook: Ecology and Management of Castor fiber. Pelagic Publishing Ltd. s. 214. ISBN 9781784271152. 
  6. Langseth, Marit (2017) Tok bever på 34 kilo - kan være norgesrekord. NRK Trøndelag, 2. mai 2017. Besøkt 2020-04-28
  7. Roisin Campbell-Palmer, Derek Gow, Gerhard Schwab, Duncan Halley, John Gurnell, Simon Girling, Skip Lisle, Ruairidh Campbell, Helen Dickinson, Simon Jones, Howard Parker, Frank Rosell (2016). The Eurasian Beaver Handbook: Ecology and Management of Castor fiber. Pelagic Publishing Ltd. s. 214. ISBN 9781784271152. 
  8. Roisin Campbell-Palmer, Derek Gow, Gerhard Schwab, Duncan Halley, John Gurnell, Simon Girling, Skip Lisle, Ruairidh Campbell, Helen Dickinson, Simon Jones, Howard Parker, Frank Rosell (2016). The Eurasian Beaver Handbook: Ecology and Management of Castor fiber. Pelagic Publishing Ltd. s. 214. ISBN 9781784271152. 
  9. 9,0 9,1 Placentale høyerestående pattedyr – Familien Bevere (Castoridae). Institutt for biovitenskap, Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet, UiO, 15. jan. 2019.
  10. 10,0 10,1 10,2 10,3 10,4 «Frafjord, Karl: bever i Store norske leksikon på snl.no. Henta 28. april 2020» i Store norske leksikon, snl.no.
  11. Pollock, M.M., G.M. Lewallen, K. Woodruff, C.E. Jordan and J.M. Castro (Editors) 2018. The Beaver Restoration Guidebook: Working with Beaver to Restore Streams, Wetlands, and Floodplains. Version 2.01. United States Fish and Wildlife Service, Portland, Oregon. 189 pp. Online at: http://www.fws.gov/oregonfwo/ToolsForLandowners/RiverScience/Beaver.asp Arkivert 2019-08-05 ved Wayback Machine.
  12. Fosse, Gisle (2009)Tenner og tannbestemmelse hos vanlige norske pattedyr. Naturhistorisk museum, UiO, 5. feb. 2009.
  13. Roisin Campbell-Palmer, Derek Gow, Gerhard Schwab, Duncan Halley, John Gurnell, Simon Girling, Skip Lisle, Ruairidh Campbell, Helen Dickinson, Simon Jones, Howard Parker, Frank Rosell (2016). The Eurasian Beaver Handbook: Ecology and Management of Castor fiber. Pelagic Publishing Ltd. s. 214. ISBN 9781784271152. 
  14. Roisin Campbell-Palmer, Derek Gow, Gerhard Schwab, Duncan Halley, John Gurnell, Simon Girling, Skip Lisle, Ruairidh Campbell, Helen Dickinson, Simon Jones, Howard Parker, Frank Rosell (2016). The Eurasian Beaver Handbook: Ecology and Management of Castor fiber. Pelagic Publishing Ltd. s. 214. ISBN 9781784271152. 
  15. Graf, P. M. (2017). Observing animal behaviour and movement patterns remotely: A case study using bio-logging technology on free-ranging Eurasian beavers (Castor fiber).
  16. Roisin Campbell-Palmer, Derek Gow, Gerhard Schwab, Duncan Halley, John Gurnell, Simon Girling, Skip Lisle, Ruairidh Campbell, Helen Dickinson, Simon Jones, Howard Parker, Frank Rosell (2016). The Eurasian Beaver Handbook: Ecology and Management of Castor fiber. Pelagic Publishing Ltd. s. 214. ISBN 9781784271152. 
  17. 17,0 17,1 Halley, Duncan & Bevanger, Kjell (2005) Bever – forvaltning av en jakt-, frilufts- og miljøressurs. En håndbok om moderne metoder for praktisk forvaltning av beverbestander. NINA Rapport 21. https://www.nina.no/archive/nina/PppBasePdf/rapport/2005/21.pdf
  18. 18,0 18,1 18,2 Rosell, F., Bozser, O., Collen, P., & Parker, H. (2005). Ecological impact of beavers Castor fiber and Castor canadensis and their ability to modify ecosystems. Mammal review, 35(3‐4), 248-276. DOI: https://doi.org/10.1111/j.1365-2907.2005.00067.x
  19. 19,00 19,01 19,02 19,03 19,04 19,05 19,06 19,07 19,08 19,09 19,10 19,11 Halley, Duncan (2015) Bever fra Åmli erobrer Europa – historien om utsetting og spredning siden 1920-tallet (fra en forelesning). Norsk institutt for naturforskning, 2015
  20. 20,0 20,1 Bandlien, Bjørn (2011) Bever med baller. Norsk Folkeminnelag, Nr58-2011. s. 20–23
  21. 21,0 21,1 21,2 Kvernmo, Heidi Jaksland (2018) Tre viner og en bever. I Glasset, 26. november 2018
  22. 22,0 22,1 22,2 22,3 Halley, Duncan, Rosell, F., & Saveljev, Alexander (2012). Population and distribution of Eurasian beaver (Castor fiber). Baltic Forestry, 18(1), 168-175. http://unexpectedwildliferefuge.org/uwr_public/literature/Halley_2012_Population.pdf
  23. Roisin Campbell-Palmer, Derek Gow, Gerhard Schwab, Duncan Halley, John Gurnell, Simon Girling, Skip Lisle, Ruairidh Campbell, Helen Dickinson, Simon Jones, Howard Parker, Frank Rosell (2016). The Eurasian Beaver Handbook: Ecology and Management of Castor fiber. Pelagic Publishing Ltd. s. 214. ISBN 9781784271152. 
  24. Horn, S., Prost, S., Stiller, M., Makowiecki, D., Kuznetsova, T., Benecke, N., ... & Hofreiter, M. (2014). Ancient mitochondrial DNA and the genetic history of E urasian beaver (C astor fiber) in E urope. Molecular ecology, 23(7), 1717-1729. DOI: https://doi.org/10.1111/mec.12691
  25. Batbold, J, Batsaikhan, N., Shar, S., Hutterer, R., Kryštufek, B., Yigit, N., Mitsain, G. & Palomo, L. 2016. Castor fiber (errata version published in 2017). The IUCN Red List of Threatened Species 2016: e.T4007A115067136. https://dx.doi.org/10.2305/IUCN.UK.2016-3.RLTS.T4007A22188115.en. Downloaded on 28 April 2020.
  26. 26,0 26,1 26,2 26,3 26,4 26,5 26,6 26,7 Trædal, Tonje Ramse (2016) Åmlibever reddar Europa. HELGhistorisk, Agderposten, fredag 14. oktober 2016
  27. «Beavers return after 400-year gap» (på engelsk). BBC. Henta 28. juli 2009. 
  28. FOR-2017-04-26-519 Forskrift om forvaltning av bever. Klima- og miljødepartementet, 15.05.2017.
Litteratur
  • Lodberg-Holm, Hanna Kavli (2018) Beverens biologi og forvaltning[daud lenkje]. Norwegian Beaver Project, University of Southeast Norway
  • Roisin Campbell-Palmer, Derek Gow, Gerhard Schwab, Duncan Halley, John Gurnell, Simon Girling, Skip Lisle, Ruairidh Campbell, Helen Dickinson, Simon Jones, Howard Parker, Frank Rosell (2016). The Eurasian Beaver Handbook: Ecology and Management of Castor fiber. Pelagic Publishing Ltd. s. 214. ISBN 9781784271152. 
  • Don E. Wilson, Thomas E. Lacher, Jr, Russell A. Mittermeier, Handbook of the Mammals of the World - Volume 6: Lagomorphs and Rodents, pp. 987, pub. July 2016, ISBN 978-84-941892-3-4
  • Halley, D.J. & Bevanger, K. (2005) Bever – forvaltning av jakt-, frilufts- og miljøressurser. NINA Rapport 21. 61 s.

Bakgrunnsstoff endre