Hellesundfjorden
58°3′37.274″N 7°51′13.248″E / 58.06035389°N 7.85368000°E
Hellesundfjorden | |||
fjord | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Agder | ||
Kommune | Kristiansand | ||
Hellesundfjorden 58°03′37″N 7°51′13″E / 58.06035389°N 7.85368°E |
Hellesundfjorden er ein fjord i Kristiansand kommune mellom Herøya i aust og Ny-Hellesund i vest. Fjorden har innløp mellom Hellersøyane og Helgøya som delar av Ny-Hellesund ligg på. Frå her strekker fjorden seg 2 km nordover, forbi Herøya og Langnesbygda til Kussevika inst i fjorden. Sør for Herøya strekker Herøyfjorden seg austover mot Flekkerøy. Nord for Ny-Hellesund ligg sundet Springedansen, som går vestover til Høllefjorden sør for Høllen og Tangvall.