Heilage Olga kyrkjelyd i Oslo
(Omdirigert frå Hellige Olga menighet)
Hellige Olga menighet i Oslo er ein russisk-ortodoks kyrkjelyd knytt til Moskvapatriarkatet. Han har gudstenester i Vår Frelsars ortodokse kyrkje i Akersveien, ved den austre hovudporten til Vår Frelsers gravlund.
I 2015 hadde Heilage Olga menighet registrert drygt 3 000 medlemmar,[1] og i 2017 fekk kyrkjelyden tilskot for 3 206 medlemmar.[2] Størstedelen er russisktalande innvandrarar som har kome til Noreg i dei seinare tiåra, men også opphavlege nordmenn og andre nasjonalitetar er representerte.
Sjølve bygget til kyrkjelyden er kommunalt listeført og står oppført i Registeret til Riksantikvaren over kulturminne.[3]
Hellige Olga menighet eig også Hellige Olavs kapell på Stiklestad.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Hellige Olga menighet - Den russisk ortodokse kirke» frå Wikipedia på bokmål, den 14. oktober 2018.
- Referanser
- ↑ «Hellige Olga menighet». Henta 24.04.2015.
- ↑ «Org.nr. Tros- eller livssynssamfunnets navn Antall tilskuddstellende medlemmer» (PDF) (på norsk). Kulturdepartementet. 2017. Henta 26. november 2017. Hentet fra regjeringen.no sin side med «Antall tilskuddstellende medlemmer i tros- og livssynssamfunn i 2017»
- ↑
- Heilage Olga kyrkjelyd i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren