Hemdat (hebraisk skrift חֶמְדָּת) er ein landsby og israelsk busetjing på den okkuperte Vestbreidda, nær den palestinske grensa Khirbet Makhoul,[2][3] i Jordanelvadalen på ei slette i kommunen Bik'at HaYarden regionale kommune. Andre jødiske busetjingar i området er Ro'i og Beka'ot. Den nærmaste byen, Beit Shean, ligg 30 minuttar med bil nord for Hemdat. Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.[4]

Hemdat
חֶמְדָּת
landsby
Land  Palestina
Region Vestbreidda
Distrikt Judea- og Samaria-området
Kommune Bik'at HaYarden
Koordinatar 32°15′07″N 35°31′37″E / 32.25194°N 35.52694°E / 32.25194; 35.52694
Folketal 296 (2019)[1]
Grunnlagd 1979
 - Grunnlagd av Nahal
Kart
Hemdat
32°15′05″N 35°31′35″E / 32.2514°N 35.52632°E / 32.2514; 35.52632
Wikimedia Commons: Hemdat

Historie endre

Hemdat vart først grunnlagd i 1979 som ein Nahal-utpost, og vart sidan demilitarisert og omgjort til ein kibbutz. På grunn av dei vanskelege levevilkåra i dalen, på grunn av intens varme og isolert plasssering, flytta dei første innbyggjarane og gav staden attende til Nahal-brigaden til det israelske forsvaret. I 1997 flytta ei ny gruppe inn i busetjinga.

Kjelder endre