Ro'i (hebraisk skrift רוֹעִ"י) er ein moshav og israelsk busetjing på den okkuperte Vestbreidda. Han ligg i Jordandalen og høyrer til Bik'at HaYarden regionale kommune. I 2006 hadde han 128 innbyggjarar.

Ro'i
landsby
Land  Vestbreidda
Region Jordandalen
Distrikt Judea- og Samaria-området
Kommune Bik'at HaYarden
Koordinatar 32°14′49.85″N 35°29′20.3″E
Folketal 175 (2019)[1]
Grunnlagd 1976
 - Grunnlagd av Nahal
Tilhøyrsle Jordbruksunionen
Kart
Ro'i
32°14′50″ N 35°29′20″ E
Wikimedia Commons: Ro'i

Landsbyen vart grunnlagd i September 1976 som ei Nahal-busetjing, og vart omgjort til ein sivil moshav to år seinare. Namnet er eit akronym for Ramat Uzi Yairi, ein tidlegare kommandant for fallskjermjegertroppen til det israelske forsvaret. Han vart drepen under operasjon Savoy i 1975.[2]

Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.[3] Landområdet som Ro'i ligg på vart teken frå palestinske innbyggjarar utan kompensasjon.[4]

Kjelder endre