Muffe er eit klesplagg til å stikke hendene inn i for å halda dei varme når det er kaldt ute. Plagget blei særleg brukt før, til tider også innandørs som elegant motetilbehøyr for kvinner.[1] Muffer kunne ha ulike fasonger, men var vanlegvis sylinderforma med opningar til hendene i kvar ende. Dei kunne vera laga av skinn, fjører eller tekstil, ofte med vattering innvendig.[2] Muffer er kjende frå renessansen, og blei på 1600- og 1700-talet brukt av både kvinner og menn. Seinare blei plagget berre brukt av kvinner.[2] På byrjinga av 1900-tallet gjekk populariteten tilbake, men bruken fekk eit lite oppsving sist på 1940- og inn på 1950-talet.

Muffe i pels
Måleri av Axel Endar (1853–1920) som viser norsk jente med skøyter og vinterdrakt med muffe.
Samar frå Finnmark i tradisjonelle drakter. Kvinna i midten har muffe i tilpassa mønster.
Foto: Elisabeth Meyer (1899–1968)/Preus museum

Ordet muffe (på engelsk, tysk og svensk muff[3]) kjem truleg opphavleg frå det gamle franske moufle som tyder 'tjukk hanske eller vante'.[4]

GalleriEndra

Sjå ògEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Muffe