Henrik Jonsson Remmen
norsk politikar
Henrik Jonsson Remmen (1771–7. november 1841) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Romsdals amt.
Henrik Jonsson Remmen | |
Fødd | 1771 Vestnes |
---|---|
Død | 7. november 1841 (69 år) |
Statsborgar av | Noreg |
Yrke | politikar |
Alle verv |
|
Remmen var fødd i Veøy prestegjeld. I fylgje folketeljinga 1801 var han «national soldat» og budde då på Øvstedal i Tresfjord sokn av Vestnes. Noko etter kjøpte han seg gard på Remmen i Vestnes og dreiv denne.
Remmen var 3. representant frå Romsdals amt på Stortinget i 1824. Han var medlem av komiteen om handel og næringsfridom. Ved stortingsvalet 1833 var han 1. varamann og i 1836 3. varamann til Stortinget. I 1838 vart han vald til den fyrste ordføraren i Vestnes herad.
Kjelder endre
- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Kyrkjebok for Vestnes, i Digitalarkivet