Henrik Leganger
norsk embetsmann og politikar
Henrik Leganger (8. april 1788–19. februar 1874) var ein norsk embetsmann og stortingsmann frå Eigersund. Rasmus Leganger var ein eldre bror.
Henrik Leganger | |||
Fødd | 8. april 1788 Eigersund kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 19. februar 1874 (85 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | embetsmann, politikar | ||
Alle verv |
|
Leganger var son av ein skipper og handelsmann i Eigersund. Sjølv tok han norsk juridisk eksamen i 1811. Dei neste tre åra var han tilsett på kontoret hos politimeisteren i Bergen. Frå 1814 var han 2. rådmann i Bergen fram til 1825, då han vart rådmann og auksjonsforvaltar i byen. Deretter var han i lang tid, 1831-63, sorenskrivar i søndre Hedmark.
I 1824 var Leganger 1. representant frå Bergen på Stortinget. Han var sekretær i justiskomiteen og medlem av komiteen om handel og næringsfridom. Grunna sjukdom var han permittert frå 13. mai.
Leganger døydde i Kristiania i 1874.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Henrik Leganger NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv