Henrik Rogert

norsk politikar

Henrik Rogert (12. januar 175627. juni 1838) var ein norsk offiser og stortingsmann.

Henrik Rogert
Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. januar 1756
Trondheim
Død

27. juni 1838 (82 år)
Rennebu kommune

Yrke politikar
Språk norsk

Rogert var fødd i Trondheim. Han vart offiser i 1776, steig i gradene til han 1814 vart utnemnd til oberstløytnant for 2. trondhjemske infanteriregiment. Frå 1818 fekk han vartpengar.

Til det ordentlege stortinget 1815-16 vart han vald til 3. representant frå Søndre Trondhjems amt. På tinget var han medlem av åtte komitear. Mellom anna var han medlem av komiteen som forhandla om finans-, skatte-, bank- og pengevesen, og komiteen om den geografiske oppmålinga.

Rogert var tildelt borgardådsmedaljen i sølv.

Han døydde i Rennebu, der han hadde budd sidan slutten av 1700-talet. Andreas Rogert var bror hans.

Kjelder endre