Andreas Rogert (18. november 175410. juni 1833) var ein norsk justitiarius og medlem av riksforsamlingaEidsvoll.

Andreas Rogert

Fødd18. november 1754
Trondheim
Død10. juni 1833 (78 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkedommar, politikar
Alle verv
  • medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll (1814–1814) Sjå dette på Wikidata
«Til Minde om Eidsvoldsmændene Andreas Rogert og Peter Schmidt. Reist av Trondhjems By 17 Mai 1914»
Foto: Byantikvaren/Trondheim byarkiv
Collingarden
Foto: Ukjent / Riksantikvaren

Rogert var fødd i Trondheim. I 1779 vart han cand. jur. i København, og same året vart han utnemnd til auditørVardøhus. Rogert var sorenskrivar i Sunnfjord frå 1793. I 1797 vart han assessor i Trondheims stiftsoverrett, og i 1805-27 var han justitiarius for denne.

Rogert var i 1814 den eine av dei to utsendingane til riksforsamlinga frå Trondheim. Han var visepresident for forsamlinga den første veka, 10.-18. april. Rogert, som var medlem av konstitusjonskomiteen og reglementskomiteen, slutta seg til sjølvstendepartiet. Han engasjerte seg i saker med nasjonal symbolverdi, mellom anna var han talsmann for den gamle, norske tronfylgjelova. Saman med Georg Sverdrup fekk han gjennomslag for ei forskrift om kongekroning i Trondheim. 17. mai var han med i deputasjonen som møtte kongen. Elles var han lite aktiv i forsamlinga, noko som kanskje kan forklarast med ring helse.

Jacob Aall skreiv om Rogert (sitat frå Dansk biografisk leksikon):

«Om R.s Kundskaber kunde ingen Tvivl være; men hans Sygelighed hemmede hans Virksomhed. Denne alvorlige og stille Mand, der var mer Olding formedelst Svaghed end af Alder, tog liden Del i Komiteens Forhandlinger som i Rigsforsamlingens i det hele. Fædrelandets politiske Farer forøgede hans melankolske Stemning, hvilken han dog sjælden og kun i Vennekreds lagde for Dagen i enkelte Ulykkesspaadomme. Kun da Talen var om Kongens Kroning, kom han noget i Aande og ivrede for, at den skulde ske i Throndhjem, hvilken Bestemmelse i Grundloven ogsaa skyldes ham.»

Etter riksforsamlinga tok Rogert med seg grunnlovsutkastet til Christian Magnus Falsen og Johan Gunder Adler heim til Trondheim, og hadde det i si private boksamling til han døydde i 1833.[1] På auksjonen etter Rogert vart manuskriptet kjøpt av eidsvollsmannen Christian Horneman. I 1920 ga ein av Horneman sine etterkomarar manuskriptet i gåve til Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab. Selskapet gav biblioteket sitt til staten ved NTNU Universitetsbiblioteket i 1984.[1]

Rogert deltok ikkje i politikken etter riksforsamlinga. Nokre år var han med i styret for vitskapsselskapet i Trondheim. Han døydde i heimbyen og vart gravlagd på kyrkjegarden ved Nidarosdomen. Henrik Rogert var bror hans.

I 1814 budde Rogert i Collingarden i Trondheim. Garden vart riven i 1898 for å gje plass til ein teknisk skule. Collingarden inneheld ein stor hovudbygning i to etasjar, 28 meter lang og med valmtak.[2]

Det er reist ein bautastein til ære for dei to eidsvollsmennene Peter Schmidt og Andreas Rogert utafor Nidarosdomen.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Ellen Alm (15. februar 2014). «Grunnlovsjubileet sett fra Trondheim». Adressa. Henta 13. februar 2015. 
  2. Terje T.V. Bratberg (2014). «Andreas Rogert og Collingården i Trondheim». I Jørn Holme. De kom fra alle kanter - Eidsvollsmennene og deres hus. Cappelen Damm. s. 455-457. ISBN 978-82-02-44564-5.