Henriksenskjera
Henriksenskjera er ei gruppe spreidde nunatakar kring 10 nautiske mil nord for Holtedahlfjella i Dronning Maud Land i Antarktis. Dei vart kartlagde frå flyfoto av Den tredje tyske antarktisekspedisjonen (1938–39), og på ny frå landmålingar og flyfoto av Den sjette norske antarktisekspedisjonen (1956–60). Dei er kalla opp etter Hans-Martin Henriksen, ein meteorologiassistent med den norske ekspedisjonen (1956–58).[1]
Henriksenskjera | |||
nunatak | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Dronning Maud Land | ||
- koordinatar | 71°30′S 9°0′E / 71.500°S 9.000°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Henriksenskjera 71°30′S 9°00′E / 71.5°S 9°E | |||
Kjelder
endre- ↑ «Henriksen Nunataks». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 15. november 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Henriksenskjera» (innhald frå Geographic Names Information System).