Holtedahlfjella (tysk Kurzegebirge) er ei fjellkjede av hovudsakleg nakne fjelltoppar, ryggar og fjell i Orvinfjella i Dronning Maud Land. Fjella strekkjer seg kring 37 km og er fjellkjeda er 11 km brei. Fjella står mellom Drygalskifjella i vest og Kurzefjella og Conradfjella i aust.

Holtedahlfjella
fjellkjede
Land  Antarktis
Stad Dronning Maud Land
 - koordinatar 71°53′S 8°55′E / 71.883°S 8.917°E / -71.883; 8.917
Lengd 37 km
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Holtedahlfjella
71°53′00″S 8°55′00″E / 71.8833°S 8.91667°E / -71.8833; 8.91667
Holtedahlfjella is located in Antarktis
Holtedahlfjella (Antarktis)

Holtedahlfjella vart oppdaga og kartlagd frå flyfoto tekne under Den tyske antarktisekspedisjonen under Alfred Ritscher, 1938–39, som namngav dei Kurzegebirge etter leiaren for marinedivisjonen i det tidlegare Marineleitung (Det tyske Admiralitetet). Dei vart kartlagde på ny av Norsk Polarinstitutt frå landmålingar og flyfoto teken av den norske antarktisekspedisjonen, 1956–60.

Kjelder endre

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Kurze Mountains» (innhald frå Geographic Names Information System).