Henry Eliot Amdal[1] (10. april 192114. september 1993) var ein norsk skihoppar som tevla for Brumunddal Idrettslag. Han vart noregsmeister i 1947.

Henry Amdal
Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. april 1921
Furnes
Død 14. september 1993 (72 år)
Idrett skihopping

Amdal vann gullmedaljen under noregsmeisterskapen 1947 i Tistedal, 0,7 poeng føre Thorleif Schjelderup med Birger Ruud på bronseplass.[2][3][4] I den same sesongen kom han på andreplass både i Svenska skidspelen i Sundsvall og i Holmenkollrennet. Landsmennene Arne Hoel og Georg Thrane vann i høvesvis Sundsvall og i Holmenkollen.[4][5]

Kjelder

endre
  1. http://www.disnorge.no/gravminner/bilde.php?id=1168120
  2. «Norwegian Ski Jumping Champions». www.wintersport.as. Arkivert frå originalen 12. mars 2007. Henta 8. september 2010. 
  3. «Norwegische Meisterschaften». home.no. Henta 8. september 2010. 
  4. 4,0 4,1 «Historikk Brumunddal IL» (på norsk). www.brumunddal-ail.no. Arkivert frå originalen 28. oktober 2017. Henta 9. september 2010. 
  5. «Pristagare i Svenska Skidspelen» (PDF) (på svensk). www.skidspelen.se. Arkivert frå originalen (PDF; 354 kB) 18. august 2010. Henta 9. september 2010.