Lugnet skidstadion i Falun
Hoppbakkane ved Lugnet skidstadion

Svenska skidspelen er eit skiidrettsarrangement som kvar vinter vert avvikla ein stad i Sverige, dei siste tiåra fast i Falun.

Svenska skidspelen vart fyrste gongen arrangert i Sundsvall i 1947. Arrangementet omfatta i mange år tevlingar i langrenn, kombinert og skihopping. Kombinert-øvinga vart arrangert siste gongen i 1999 og spesielt hopprenn sist i 2002. Sidan 2003 har langrenn vore einaste tevlingsform.

Tidlegare har fleire andre idrettar vore del av Svenska skidspelen. Åra 1950-53 var det renn i alpine greiner, arrangert i Åre, og skiskyting i 1984. I 1986 gjekk VM i skiskyting for kvinner som ein del av Svenska skidspelen. I 1987 og 1988 stod skiorientering på programmet. Vasaloppet var ein del av Svenska skidspelen i 1952.

Sidan verdscupen i nordiske greiner vart innført på 1970- og 80-talet, har renna i Svenska skidspelen tald med i desse turneringane. Ski-VM vart arrangert i Falun i 1954, 1974 og 1993, alle desse meisterskapane høyrer med i Svenska skidspelens historie. I 1980 var 20 km langrenn for kvinner under Svenska skidspelen VM-øving, då denne øvinga ikkje var del av OL-programmet i Vinter-OL 1980 i Lake Placid.

Svenska skidspelen vert organisert av aksjeselskapet Svenska Skidspelen AB. Dette aksjeselskapet er heileigd av Föreningen Svenska Skidspelen, som består av 11 svenske idrettslag.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Svenska skidspelen