Sundsvall er ein svensk by og centralort i Sundsvalls kommun i Västernorrlands län i landskapet Medelpad. I 2011 hadde byen 50 712 innbyggjarar, noko som gjer byen til den 19. største i landet.

Sundsvall
Sundsvall sentrum
Land  Sverige
Del av Medelpad
Areal 4 144 km²
Folketal 58 813 (31. desember 2020)
Kart
Sundsvall
62°23′44″N 17°17′10″E / 62.395509191965°N 17.285994257166°E / 62.395509191965; 17.285994257166
Wikimedia Commons: Sundsvall

Byen er eit viktig handelssenter med variert industri. Her ligg fleire statlege embetsverk. Sundsvall har òg ei god hamn. Midlanda lufthamn ligg ca. 20 km nord for byen (i Timrå kommun).

Sundsvall fekk bystatus i 1621 av Gustav II Adolf. Det er ein statue av han på «Stora Torget» i det sentrale Sundsvall. Den største veksten kom med utviklinga av sagbruks- og treforedlingsindustrien på 1800-talet. Området blei tidleg eit av dei viktigaste sagbruksindustriområde i Sverige. Etter ein bybrann i 1888 er bykjernen («Stenstaden») prega av breie gater og monumentale bygg i ulike stilartar. I byen ligg fleire museum og konsert- og kongresshallen Tonhallen. Det beste fotballaget i Sundsvall heiter GIF Sundsvall.

Det første internasjonale kasinoet i Sverige opna i 2001 i Sundsvall, med lokale på den gamle jernbanestasjonen. Kasinoet er eit av fire som vert drive av Casino Cosmopol, som igjen er dotterselskap av Svenska Spel.

Galleri endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre