Henry Gray (182713. juni 1861) var ein engelsk anatom og kirurg, mest kjend for å ha gjeve ut boka Gray's Anatomy. Som 25-åring blei han vald inn som Fellow of Royal Society.

Henry Gray

Fødd1827
Belgravia i London
Død13. juni 1861
Belgravia i London
Koppar
BustadStorbritannia
NasjonalitetEngelsk
Områdeanatomi
YrkeAnatom, kirurg
InstitusjonarSt George's Hospital
Alma materSt George's Hospital
St George's, University of London
Kjend forGray's Anatomy
UtmerkingarFellow of the Royal Society, Royal College of Surgeons-prisen, Astley Cooper-prisen
MedlemRoyal Society

Liv og gjerning

endre

Gray blei fødd i Belgravia i London i 1827,[1][2] og levde store delar av livet sitt i London. I 1845 byrja han å studere ved St George's Hospital i London, som den gong låg i Belgravia, men som no er flytt til Tooting. Dei som kjende Gray, skildra han som ein nitidig og metodisk arbeidar, ein som lærte seg anatomi gjennom ein langsam, men effektiv prosess, nemleg ved å dissekere kroppane sjølv.

I 1848, medan han framleis studerte, mottok han Royal College of Surgeons-prisen for artikkelen «The Origin, Connexions and Distribution of nerves to the human eye and its appendages, illustrated by comparative dissections of the eye in other vertebrate animals» (Opphav, forbindelsar og fordeling av nervar til menneskeauga og tilknytte vedheng, illustrert ved komparative samanlikningar med auga i andre ryggbeinsdyr). I 1852 blei han vald inn som medlem av Royal Society, og i det fylgjande året mottok han Astley Cooper-prisen på 300 guineamyntar for avhandlinga «On the structure and Use of Spleen» (Om strukturen og funksjonen til milten).

I 1858 gav han ut den fyrste utgåva av Anatomy, som omfatta 750 sider og 363 illustrasjonar. Til dette fekk han hjelp frå Henry Vandyke Carter, ein dyktig teiknar og tidlegare anatomiførelesar på St George's Hospital. Dei makelause teikningane til Carter var truleg ein viktig grunn til at boka blei så raskt populær. Den fyrste utgåva var dedisert til Sir Benjamin Collins Brodie. I 1860 kom den andre utgåva. Boka blir fortsatt publisert under tittel Grays Anatomy, og blir rekna som ei viktig og autoritativ lærebok for medisinstudentar.

Gray heldt fram med å førelese i anatomi ved St George's Hospital, og i 1861 kandiderte han som assisterande kirurg.

Gray pådrog seg koppar medan han passa på ein sjuk nevø. Nevøen overlevde, men Gray døydde i London den 13. juni 1861.[3] Han blei gravlagd ved St James Pancreas and Highgate Cemetery.[4][5]

Kjelder

endre
  1. 1841 census for 8 Wilton Street, St Geo Han Sq: Henry Gray, age rounded to 15yrs (implies born 1826), medical student, whether born in this county = Yes (implies born Middlesex) - HO107/732 Bk.2 f.28 p.19
  2. 1851 census: Henry Gray, house surgeon aged 24 (implies born 1827), of St Geo Han Sq, born St George's Hanover Square, London - HO107/1478 f.649 p.1
  3. «Happy birthday, Gray's Anatomy». Proc (Bayl Univ Med Cent) 22 (4): 342–5. Oktober 2009. 
  4. GRO Register of Deaths: JUN qtr 1861 1a 174 St Geo Han Sq - Henry Gray
  5. «DServe Archive Persons Show». .royalsociety.org. Arkivert frå originalen 14. februar 2020. Henta 18. mars 2013. 

Bakgrunnsstoff

endre