Hepatitt D er ein infeksjonssjukdom i levra med hepatitt D-virus (HDV) som årsak. Det er eit «ufullstendig» virus som utan hepatitt B-virus korkje kan overførast eller replikerast.

Hepatitt D

Klassifikasjonar og ressursar
ICD-9-kode:070.31
ICD-10-kode:B17.0, B18.0
DiseasesDB5792
MeSHD003699
MeSHD003699

Historikk endre

Hepatitt D-virus vart oppdaga med immunfluorescensteknikk 1977 i leverbiopsiar frå HBsAg-positive individ. Funnet vart fyrst kalla deltaantigen (δ-antigen), sjølve viruset deltaagens (δ-agens) og infeksjonen deltahepatitt (δ-hepatitt).[1] Seinare vart omgrepa hepatitt D og hepatitt D-virus innførde.

Virus endre

HDV er eit replikasjonsdefekt, enkelstrenga RNA-virus. Det tarv HBsAg som kappe og er berre infeksiøst i samband med ein HBs-antigenemi, anten i samband med ein akutt infeksjon (koinfeksjon) eller som superinfeksjon ved ein kronisk HBV-infeksjon.[2] HDV liknar nærmast visse plantevirus og er det minste kjende viruset som kan infisera dyr eller menneske. Det finst 3 kjende genotypar.[3]

HDV har 2 antigen (deltaantigen), eit stort (large) (HDAg-L) og eit lite (small) antigen (HDAg-S). Bortsett frå at HDAg-L har 19 aminosyrer meir på C-enden, er dei to antigena like og ter seg på same vis i bindingstestar. Likevel har dei ulike funksjonar: HDAg-S fremjar medan HDAg-L bremsar replikasjonen av genomet. HDAg-L støttar innpakking av virus i cellene.[4]

Inkubasjonstid endre

Ved koinfeksjon stort sett som ved hepatitt B, kan vera mellom 2 og 12 veker. Stuttast ser inkubasjonstida ut til å vera ved superinfeksjon på ein kronisk hepatitt B (som oftast mellom 25 til 30 dagar).

Sjukdom endre

Heng saman med HBV-infeksjonen. Ved samstundes infeksjon av HBV og HDV (koinfeksjon) aukar risken for fulminant sjukdom. Som superinfeksjon kan HDV få ein kronisk HBV-infeksjon til å bløma opp og sjå ut som ein akutt hepatitt. Som superinfeksjon persisterer HDV i 70 %.

HDV gjer prognosen for ein kronisk HBV-infeksjon dårlegare og vanskelegare å behandla med interferon. I 60 – 70% utviklar pasientar med kronisk hepatitt B då levercirrhose.[5] Mortaliteten for HDV-infeksjonar ligg på mellom 2 – 20%; tal som er 10 gonger høgare enn for monoinfeksjon med hepatitt B.

Spørsmålet om HDV aukar risken for malignitetsutvikling står meir ope, men truleg er levermalignitet ved kronisk HBV-infeksjon meir eit resultat av cirrhose enn av ein direkte kreftframkallande effekt av HDV.[5] [6] Ein HDV-infeksjon læker alltid når HBV-infeksjonen læker.

Diagnostikk endre

Ved akutt koinfeksjon med HBV og HDV kan fyrst berre HBV påvisast med kommersielle antikroppstestar. Derimot kan virusspesifikk nukleinsyre (HDV-RNA) påvisast med molekylærbiologisk teknikk (PCR) i tidleg stadium. Etter ytterlegare nokre veker kan antikroppar mot HDV påvisast. Fyrst kan IgM-antikroppar mot HDV påvisast, ved koinfeksjon med HBV saman med anti-HBc IgM. (Ved HDV-superinfeksjon på ein kronisk hepatitt B kan anti-HBc IgM som regel ikkje påvisast med kommersielle testar. Då kan berre anti-HBc IgG påvisast.) Etter gjennomgått og lækt hepatitt D kan IgG-antikroppar mot HDV berre påvisast i nokre månader. Kronisk hepatitt D syner derimot høge IgG-verde i lang tid.

Epidemiologi endre

Bortsett frå at HDV ikkje ser ut til å smitta venerisk, er smittevegane for HDV som for HBV. Risken er størst for personar som er eksponerte for blod og blodprodukt. Globalt finst det truleg om lag 10 millionar HDV-infiserte. Reine epidemiar er rapporterte frå Sør-Amerika, Afrika og land kring Middelhavet. Framfor alt har Italia (der sjukdomen er best studert) høg prevalens. I middelhavslanda er hepatitt D endemisk blant HBV-berarar og ser til og med ut til å kunna smitta frå person til person gjennom nærkontakt. I Vest-Europa og Nord-Amerika er HDV avgrensa til intravenøse misbrukarar. Austasiatiske land har høg HBV-prevalens. Prevalensen for HDV er derimot meir blygsam.[7] I Skandinavia vart HDV påvist for fyrste gong i 1973 og då i ein svensk sprøytemisbrukarpopulasjon. Etter mindre enn 10 år hadde prevalensen i same populasjonen auka til over 70% samstundes som intimkontaktane var smitta.[8]

Førebygging endre

Særskild vaksine mot HDV-infeksjon finst ikkje. Immunitet mot hepatitt B gjev samtidig vern mot hepatitt D. Kroniske HBV-berarar får ingen immunitet mot HDV av immunglobulin (HBIG) eller vaksinasjon mot hepatitt B.[5]

Behandling endre

Behandling bør fyrst og fremst rettast mot HBV-infeksjonen. Sjukdomen kan lindrast etter mange månaders interferonbehandling Dei fleste pasientane held fram med å vera positive for HDV-RNA, og behandling har truleg berre ein indirekte effekt. Antivirale middel er utan verknad.[5]

Litteratur endre

Weiland O (2007) «Hepatiter» - i: Infektionsmedicin. Epidemiologi, klinik, terapi, 4. utg. (red. Iwarson S og Norrby R) s. 247-248 - Säve Förlag, Sävedalen. ISBN 9197268984.

Brooks GF, Butel JS, Morse SA (red. 2004) Jawetz, Melnick & Adelberg΄s Medical Microbiology, 23. utg. s. 467-468, 470, 476, 479, 482-484. - Lange Medical books/McGraw-Hill, Connecticut. ISBN 0-07-141207-7.

Kjelder endre

  1. Rizzetto M, Canese MG, Aricó S, Crivelli O, Trepo C, Bonino F, Verme G (1977) «Immunofluorescence detection of new antigen-antibody system (δ/anti- δ) associated to hepatitis B virus in liver and in serum of HBsAg carriers» - Gut, vol. 18, nr. 12, s. 997-1003. PMID: 75123. [1]
  2. Rizzetto M, Verme G (1982) «Delta agent hepatitis and epidemiology» - i: Viral Hepatitis: Second International Max von Pettenkofer Symposium, (red. Overby LR, Deinhardt F og Deinhardt J) s. 25-27 - Marcel Dekker, Inc., New York and Basel. ISBN 0-8247-7046-3.
  3. Casey JL, Gerin JL (1998) «Genotype-specific complementation of hepatitis delta virus RNA replication by hepatitis delta antigen» - J Virol., vol. 72, nr. 4, s. 2806-2814. PMID: 9525600. [2] Arkivert 2008-07-26 ved Wayback Machine. (pdf)
  4. Bell P, Brazas R, Ganem D, Maul GG (2000) «Hepatitis delta virus replication generates complexes of large hepatitis delta antigens and antigenomic RNA that affiliate with and alter nuclear domain 10» - J Virol., vol. 74, nr. 11, s. 5329-5336. PMID: 10799610. [3]
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 World Health Organization (2001) «Hepatitis D» - WHO/CDS/CSR/NCS, nr. 2001.1. s. 16. [4]
  6. Fattovich G, Giustina G, Christensen E, Pantelena M, Zagni I, Realdi G, Schalm S (2000) «Influence of hepatitis delta virus infection on morbidity and mortality in compensated cirrhosis type B» - Gut, vol. 46, nr. 3, s. 420-426. PMID: 10673308. [5] (pdf)
  7. Zanetti AK, Ponzetto A, Forzani B, Hele C (1987) «Worldwide epidemiology and modes of transmission of delta hepatitis» - Infection, vol. 15, nr. 2, s. 85-86. PMID: 3496280.
  8. Hansson BG, Moestrup T, Widell A, Nordenfelt E (1982) «Infection with delta agent in Sweden: introduction of a new hepatitis agent» - J Infect Dis., vol. 146, nr. 4, s. 472-478. PMID: 7119477 (samandrag)