Herdlefjorden er ein 19 km lang fjordarm av Hjeltefjorden i kommunane Alver og Askøy i Vestland. Fjorden er kalla opp etter øya Herdla som han har innløp ved. På gamle kart er namnet Herløfjorden, i samsvar med stavinga av øynamnet. Herdlefjorden går frå Herdla i nord til Byfjorden ved Bergen og Salhusfjorden i sør. Herdlafjorden går på nordaustsida av Askøy og på sørvestsida av Holsnøy.

Fjorden har innløp nord for Herdla og sør for Agnøyane på nordvestsida av Holsnøy og går hovudsakleg søraustover. Litt søraust for Herdla ligg den avlange øya Ypso, og her går Rosslandspollen 2,5 km innover på Holsnøysida. Ein like lang poll ligg litt lenger sør på Askøysida, Fauskangspollen inn til Fauskanger.

Fleire bygder og grender ligg langs fjorden på begge sider. På Askøy finn ein Hapoldo, Abbedisso, Hegernes, Skjelviki og Kyrkjevik. På Melandssida ligg Io, Fløksand og Holmeknappen.

Herdlefjorden er ei av seglingsleiene inn til Bergen, men Hjeltefjorden er meir brukt. Seglingshøgda gjennom Hjeltefjorden og under Askøybrua er 63 meter. I samband med at Askøybrua opna i 1992, vart det gjeve politiske lovnader om ei alternativ seglingslei inn til Bergen. Tanken er at høge cruiseskip og oljeinstallasjonar skal kunna koma heilt inn i Bergen hamn. Flaskehalsen for innsegling i Herdlefjorden er ved Herdla. Det er planar om å utvida leia ved å sprengja ut i Skjelangersundet og «Det Naue». Saka har vore til utgreiing i fleire år, og naturvernarar protesterer mot planane.