Bøkene i Dansen gjenom skuggeheimen

Herdsla (1924) er det tiande og siste bindet i den episke kronologien[1] til romanserien Dansen gjenom skuggeheimen av Kristofer Uppdal. Det har undertittelen Tørber Landsem og Audun Rambern. Tørber Landsem er ein av hovudpersonane i romanverket, og har vore sentral i tre av dei tidlegare bøkene. Audun Rambern er ein ny hovudperson – han er diktar og bror av Sjugur Rambern frå tidlegare bøker. Boktittelen tyder herdinga, og saman med Uppdal si eiga tolking av temaet for romanen («geniet»)[2] er det rimeleg å tolke dette som at boka vil skildre den sluttførande og avgjerande politiske og psykologiske utviklinga av personane og den klassen dei representerer. Uppdal skildra romanverket som ei domkyrkje, med tverrskip og sideskip; i føreordet til Herdsla skriv han at «sjølve bygningen er med alle skip ferdig med Fjellskjeringa. Herdsla er tårnet over bygningen

Handlinga i denne romanen går føre seg i perioden 1914–18, og det er mange innslag frå tilhøve i samtida, både i det store samfunnsbiletet, og frå vegvalsdiskusjonen i fagrørsla. Tørbern Landsem har gjennom serien gått frå barndom, via lære- og vandreår i anleggsbransjen til læreår i leiinga av fagrørsla. I dette siste bindet vert han vald til LO-leiar, etter at den sitjande leiaren Lars Lunnan døyr i vervet. Tørber kjem heil og styrkt gjennom alle intrigane i samband med valet, på same måte som han også må gjennomleve fleire andre kriser i privatlivet: alkohol, tilhøvet til kona Mildrianna og ansvaret for alle vala han sjølv må stå inne for.

Forfattaren Audun Rambern er eit utilslørt sjølvportrett frå forfattaren si side. Forfattaren gjengjev systematisk detaljar frå sitt eige liv og frå arbeidet med verket, og legg det i Audun sine hender: «fyrste året sende han ut eit bind kvart år. No køyrer han på med to bind for året, av romanserien sin 'Ut av myrkret'»[3]. I sluttkapittelet i romanen vert alle hovudpersonane samla, saman med Audun/forfattaren, som i ørska vekslar mellom å forhalde seg til dei andre personane som faktiske personar og som romanpersonar han har dikta.[4] Verket tonar ut med at Audun framseier kvadet «Avreise mot glitretind», som er ei poetisk oppsummering av den idémessige handlinga i verket.[5]. Her er eit utdrag: «Til endeleg ho renn den stunda, / med han, i ætta, / som er av alle / og som alt må bli med, mot glitretind».

Fotnotar

endre
  1. Hovudkjelda for omtalane av dei enkelte binda i verket er Leif Mæhle sine føreord til kvart bind i nyutgåva frå 1985–1991 og presentasjonen av romanane på nettstaden uppdal.no
  2. Ordet geni kan gjerne oppfattast som «ånd» eller «essens», meir enn den vanlege tolkinga «intellektuell einar».
  3. Sitert frå s. 151, 1991-utgåva.
  4. «Er du føraren? glymer Audun Rambern mot [Tørber]. Ja vel, du er føraren! Men eg er mykje større lel. Eg har skapt deg òg. Har deg òg i meg», frå s. 205, 1991-utgåva.
  5. Odd Solumsmoen kallar det «syklusens lange, episke linje i dristig forkortning» i Kristofer Uppdal, domkirkebyggeren (2. utg. 1978, s. 102)

Bakgrunnsstoff

endre