Bøkene i Dansen gjenom skuggeheimen

Trolldom i lufta (1912, 1922 og 1953) er det andre bindet i den episke kronologien[1] til romanserien Dansen gjenom skuggeheimen av Kristofer Uppdal. Det var også den andre boka Uppdal skreiv i den fyrste arbeidsperioden sin med verket. Handlinga vert vanlegvis oppfatta som at ho er lagd til Ålesund, som vert omtala som «byen ved havet», i gjenoppbyggingsperioden etter bybrannen i 1904. Fleire grupper anleggsarbeidarar kjem til byen, lokka av utsiktene til arbeid i samband med gjenoppbygginga. I denne kaotiske perioden lever mange av dei på eit eksistensminimum både fysisk og etisk, og romanen tematiserer mellom anna tilhøvet mellom svik og solidaritet mellom arbeidarane.

Hovudpersonen Ølløv Skjølløgrinn vart introdusert i det fyrste bindet, Stigeren, som ein av bondegutane som vert gruvearbeidarar. Seinare kjem han att i Domkyrkjebyggjaren, der han vert følgd fram til ei leiarrolle i arbeidarrørsla. Slik sett er også dette bindet ein introduksjon til dei tilhøva som skapte arbeidarklassen, og ei opptakt til klassemedvitet, idégrunnlaget og organiseringa til arbeidarrørsla. Uppdal sitt eige nøkkelord «sjølvbergingsdrifta» peikar på Ølløv sine erfaringar og utviklinga hans: Han forkastar individualismen og retten til den sterkaste, for å finne berging gjennom klassesamhaldet.

Mot slutten av romanen reiser fire av arbeidarane frå byen, og vert overmanna av ein snøstorm på veg over fjellet. Både i den intense skildringa av den øydelagde byen og av dei valdsame naturkreftene har forfatteren skapt en nærast mytisk dimensjon over prøvingane til menneska.

Fotnotar endre

  1. Hovudkjelda for omtalane av dei enkelte binda i verket er Leif Mæhle sine føreord til kvart bind i nyutgåva frå 1985–1991 og presentasjonen av romanane på nettstaden uppdal.no