Bøkene i Dansen gjenom skuggeheimen

Stigeren (1919) er det fyrste bindet i den episke kronologien[1] til romanserien Dansen gjenom skuggeheimen av Kristofer Uppdal. Det var også det fyrste bindet Uppdal gav ut etter at han i 1919 tok opp att arbeidet med serien. Handlinga er lagd til dei fiktive Lifjellgruvene, ein stad i Trøndelag, som har vore utan drift og no skal tømmast for vatn og setjast i ny drift. Eit arbeidslag som er samansett av av bygdegutar og ein erfaren gruveslusk vert danna. Tida er truleg rundt 1890.

Gruver og jernbaneanlegg går igjen i romanverket. Her Bjørnfjell stasjonOfotbanen.
Foto: Wilse

Hovudpersonen i boka er Arnfinn Landsem, og han er stiger, dvs. arbeidsformann. Ved at undertittelen til boka presenterer han som «Tørber Landsems far» vert det tydeleggjort at Arnfinn er opphavet og byrjinga til det som skal skje framover i romanserien. Tørber Landsem vert etter kvart hovudperson i fire av dei seinare bøkene i serien: Kongen, Domkyrkjebyggaren, I skiftet og Herdsla. Stigeren representerer vilje, kraft og pågangsmot, eigenskapar som Uppdal såg på som karakteristiske for rallartypen. Leif Mæhle karakteriserer dette fyrste bindet som «ei av dei mest intense bøkene Uppdal har skrive», med indre dramatikk og ytre spenning. Kollisjonen mellom alkoholvanane til arbeidarane og avhaldskulturen til bondesamfunnet skaper også situasjonar. I skildringa av Arnfinn sin motgang i ekteskapet med den sytande Petenilla, og av eit mytteri mot han i arbeidsflokken, skaper forfattaren eit bilete av den store rallaren som ein kjempe av mytiske dimensjonar, med store krefter, og eit stort fall. Sonen Tørber, som etter kvart vert ein av hovudpersonane i verket, hissar fyrst arbeidarane opp mot faren, og forsøkjer deretter å verje han. Denne dobbelskapen kan sjåast på som eit fyrste signal om vegval som gjennomgåande leiemotiv i verket.[2]

Uppdal hadde sjølv ein morbror som heitte Arnfinn Landsem, og forfatteren hadde også eigne gruvearbeidarerfaringar frå unge år, då sinkgruva Skrattåsgruva i Egge skulle tømmast for vann og setjast i drift. Dette må sjåast på som bakgrunnsmateriale, for det er neppe noko direkte sjølvbiografisk i handlinga.

Fotnotar endre

  1. Hovudkjelda for omtalane av dei enkelte binda i verket er Leif Mæhle sine føreord til kvart bind i nyutgåva frå 1985–1991 og presentasjonen av romanane på nettstaden uppdal.no
  2. Resonnementet er henta frå Norges litteratur. II: Tid og tekst 1184–1935 av Willy Dahl (Aschehoug, 1984. ISBN 82-03-10571-8).