Heretaunga Plains

Heretaunga Plains er eit slettelandskap i den austlege delen av NordøyaNew Zealand.

Heretaunga Plains

Slettene er danna av avsetjingar frå elvene Tutaekuri, Ngaruroro og Tukituki River før dei renn ut i Stillehavet i sørenden av Hawke Bay. Dei strekker seg innover i landet mot sørvest, og omfattar eit område på om lag 1000 km². Byane Napier, Hastings og Havelock North ligg på slettene som strekkjer seg nesten til Waipukurau.

Det grøderike jordsmonnet, og det varme og tørre vêrlaget i området gjer slettene til ein framifrå stad for vindyrking, grønsak- og hagebruk, og den sørlege delen av Hawke's Bay-regionen er eit av dei beste områda for vindyrking på New Zealand.

Spire Denne geografiartikkelen som har med New Zealand å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.