Hastings på New Zealand

by på New Zealand

Hastings er ein by og administrasjonssenter i Hastings District i regionen Hawke's BayNordøyaNew Zealand. Hastings ligg inne i landet, innanfor byen Napier.

Hastings
Heretaunga (Maori)
Hastings sentrum
Hastings sentrum
Hastings sentrum
Styresmakter
New Zealand New Zealand Territorial Authority (Distrikt)
Mayor Lawrence Yule
Geografi
Flatevidd 24,43 km²
Flatevidd
 - Distrikt

35 229 km²
Innbyggjarar[1]
 - Distrikt (2008)
   - folketettleik
 - Byområde

73 800
  14,1/km²
64 700
Koordinatar Coordinates: Missing longitude
Høgd over havet 11 m
Tidssone
- Ved sommartid
+12 (UTC)
+13 (UTC)
Region: Hawke's Bay
Diverse anna
Heimeside: http://www.hastingsdc.govt.nz
Plassering
Hastings District Council
Hastings District Council
Hastings District Council

Mindre enn 20 km skil bysentera i Hastings City og Napier frå kvarandre, og derfor vert byane ofte kalla Tvillingbyane eller Byane i bukta. Folketalet i dei urbane områda til Napier og Hastings er 122 600. Dette gjer Napier-Hastings til det femte største urbane området i landet med eit innbyggjartal på meir enn 122 600, tett følgt av Tauranga (116,000) og Dunedin (114,900).

Lokalstyreordninga til desse to byane er likevel ulik. Medan Napier har status som City og vert administrert av eit City Council, mista Hastings City sin city-status i 1989 då byen vart slegen saman med Havelock North, Waimarama og Clive, fleire andre mindre busetnadar og eit ruralt omland for å danna Hastings District. Dette har gjeve Hastings det største folketalet av dei to sentera med eit innbyggjartal på 73 800.[1]

Hastings District er sett saman av tre større sentrum: Hastings city, Flaxmere og Havelock North. Desse sentera er omgjevne av 38 landlege busetnadar, mellom desse er Clive og Bridge Pā. Hastings District har eit areal på 5 229 km², og har 1,7 % av populasjonen på New Zealand. Dette gjer distriktet til det 14. i rekkja av i alt 74 territorial authorities (distrikt).

Sidan samanslåinga med omkringliggjande busetnadar og satellittbyar har Hastings vakse til å verta det største urbane området i Hawke's Bay. No er byen hovudsenteret for handel og industri i regionen, og dette viser seg med det stadig veksande talet på mange-etasjars kontorbygningar i sentrum av byen. Hastings har vakse snøgt gjennom føremålstenleg byplanlegging, jarnvegen som går gjennom byen frå nordaust til sørvest, og hovudvegen Heretaunga Street som kryssar han frå aust mot vest, og som også gir byen samband med forstadane Havelock North og Flaxmere.

Historie endre

 
Warren Hastings

Maoriane som åtte landet leigde ut om lag 70 km² av Heretaunga Plains til Thomas Tanner i 1867. Tanner hadde freista å få kjøpa dette området sidan 1864. I 1870 danna tolv menn, kjende som «dei tolv apostlane», eit syndikat for å kjøpa land for kring 1 newzealandsk pund og 10 shilling for 1 acre (371 pund pr. km²).

Byen har fått namn etter Warren Hastings, ein britisk generalguvernør i India.

Det første toget kom over den 19 km lange jarnvegslinja frå Napier til Hastings i 1874.

Den lokale økonomien gjorde eit stort hopp då Edward Newbigin opna eit bryggeri i 1881. Det neste året var der 195 sjølveigarar av land i byen.

Vin- og fruktdyrking var dei første store næringsvegane i Hastings. Då byen hadde om kring 600 innbyggjarar, fekk han status som borough den 20. oktober 1886.

I 1918 døydde nesten 300 menneske av ein influensaepidemi som råka Hawke's Bay.

Elektrisk straum vart ført fram til Hastings i 1919.

93 menneske omkom i Hastings under jordskjelvet i Hawke's Bay den 3. februar 1931. Dette skjelvet øydela eller skada nesten alle bygningane i byen.

Under den andre verdskrigen var allierte troppar innkvarterte i forlegningar til hæren, sjøforsvaret, luftforsvaret og i private heimar i distriktet.

Byen vart på nytt råka av eit jordskjelv som målte 5,9 på Richters skala klokka 23:25 den 25. august 2008. Skjelvet valda mindre skadar på bygningar, og det vart også meldt om mindre straumbrot.

Geografi endre

Då distriktet ligg på dei grøderike elveavsetjingane Heretaunga Plains, er Hastings flatt med få naturlege landemerke bortsett frå nokre elver og bekkar som snor seg gjennom dei ytre busetnadane. Lokalområdet er svært produktivt med hagebruk, gardar og vinmarker, og vert ofte kalla «fruktfatet på New Zealand». Landbruksverksemd utgjer dei viktigaste formene for industri, med matvareproduksjon og hermetikkindustri som dei største arbeidsgjevarane. Honning er også eit kjent lokalt produkt.

Vêrlag endre

Hastings har eit middelhavsklima med meir enn 2200 soltimar årleg, og ei gjennomsnittleg nedbørsmengde på mindre enn 800 mm. Dette er ein av dei varmaste stadane i landet når ein reknar årsgjennomsnittet, og den varmaste staden om sommaren med den høgaste gjennomsnittstemperaturen på New Zealand i januar, då maksimum gjennomsnittstemperatur ligg på 26 °C (79 °F), Alexandra har 23,5 °C (74 °F) og Christchurch 22,5 °C (73 °F). Då det er lokalisert 15 km inne i landet, har ikkje vindane frå havet den same verknaden på vêrlaget i Hastings som dei har i Napier. Det er ikkje uvanleg at temperaturane på sommardagar når over 30 °C. Hastings fekk ein offisiell vêrstasjon først i 2003, slik at høge temperaturmålingar før den tid er omdiskuterte. Somme uoffisielle målingar kan tyda på at temperaturen har vore opp mot den nasjonale rekorden på 42,4 °C (108,3 °F) under ei hetebølgje i 1973. Om vinteren er maksimumstemperaturar på 17 °C (59 °F) vanlege, og stundom når temperaturen over 20 °C (68 °F) med nordvestlege vindar. Middelhavsklimaet i Hastings fører til turt vêr, og jordbruket opplever ofte turre sumrar. Torevêr førekjem i Hastings, og kan gje sterk nedbør og hagl som har skada frukthagar i nærleiken.

  Klimatabell: Hastings  
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg dagleg maksimumstemperatur 25,5°C
78°F
25,4 °C
78 °F
23,6 °C
74 °F
20,7 °C
69 °F
17,1 °C
63 °F
14,4 °C
58 °F
13,9 °C
57 °F
14,9 °C
59 °F
17,5 °C
64 °F
20,0 °C
68 °F
22,3 °C
72 °F
24,1 °C
75 °F
20,0°C
68°F
Gjennomsnittleg dagleg minimumstemperatur 13,7°C
57°F
14,0 °C
57 °F
12,2 °C
54 °F
9,1 °C
48 °F
6,7 °C
44 °F
3,9 °C
39 °F
3,6 °C
38 °F
4,8 °C
41 °F
6,1 °C
43 °F
8,0 °C
46 °F
10,4 °C
51 °F
12,6 °C
55 °F
8,8°C
48°F
Gjennomsnittleg total nedbør 66 mm
2,6 "
53 mm
2,09 "
61 mm
2,4 "
48 mm
1,49 "
81 mm
3,19  "
79 mm
3,11 "
64 mm
2,52  "
86 mm
3,39 "
46 mm
1,81 "
46 mm
1,81 "
41 mm
1,61 "
53 mm
2,09 "
724 mm
28,5 "
Kjelde: Niwa Science climate data (1941 - 1970, siste 30 år til 2009 er ikkje oppdaterte)

Demografi endre

Hastings, som altså ikkje lenger kan kalla seg City, omfattar eit større busett område enn Napier. Dei urbane områda i Hastings har eit folketal på 64 700, som tel med populasjonen i dei kringliggjande Heretaunga Plains frå Clive til Bridge Pa. Dei sentrale urbane områda, som er spesifiserte som Hastings City, Flaxmere og Havelock North, hadde ved folketeljinga i 2006 58 758 innbyggjarar. I Hastings sine kjerneområde bur det mindre enn 30 000 menneske. På grunn av restriksjonar på å gjera inngrep i bynære landområde, har satellittbusetnadar teke til seg veksten av folketalet i byen.

Ved folketeljinga i 2006 hadde Hastings District 70 842 innbyggjarar, ein auke på 3 414, eller 5,1 prosent, i høve til teljinga i 2001.

Turisme endre

Hastings har sin historie og tek gjerne mot turistar, men på grunn av den påståtte mangelen attraksjonar og nærleiken til den meir maleriske byen Napier, som han også deler Art Deco-arkitekturen med, er byen ikkje det fremste turistmålet i regionen.

Hastings vart, som Napier, råka av det store jordskjelvet i Hawke's Bay i 1931. Men då byen vart mindre utsett for brannar, og hadde fleire intakte bygningar, var Hastings i stand til å verta snøggare bygd opp att, og mange nye verksemder starta opp her heller enn i Napier. Båe byane fekk gåver og tilskot etter katastrofen for å verta bygde opp att i den dåverande fasjonable og svært særprega Art Decostilen, liknande den i Miami i Florida i USA. Etter som forretningsverksemd har auka i Hastings i dei seinare åra, har diverre tomteprisane stige, og mange av desse historiske bygningane er vorte rivne for å gje plass til mangeetasjars kontor- og forretningsbygg.

Ruteflygingar til Hawkes Bay går over Napier Airport, men Hastings Aerodrome for privatfly ligg like i nærleiken.

Venskapsby endre

Forbindelsane mellom Hastings og den kinesiske byen Guilin starta i 1977, etter at ein vitskapsmann, dr. Stuart Falconer, oppdaga ei rekkje felles interesseområde mellom dei to byane, mellom anna hagebruk og blandinga av rurale og urbane område.

 
Satellittfototo frå NASA av sørlege Hawke Bay, med Hastings og Napier.

Kjelder endre

  • Moss, Maryan. 1999. Historic Outline of the Hastings District.
  • Boyd, Mary Beatrice. 1984. City of the Plains - A History of Hastings, Victoria Universtity Press for the Hastings City Council

Fotnotar endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Hastings på New Zealand