Herman Aarsrud
Herman Hanssen Aarsrud (14. juli 1837–14. februar 1927) var ein norsk lærar, gardbrukar og stortingsmann frå Løten i Hedmark. Han representerte Venstre.
Herman Aarsrud | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 14. juli 1837 Løten |
Død |
14. februar 1927 (89 år) |
Yrke | politikar, bonde |
Språk | norsk |
Politisk parti | Venstre |
Aarsrud var son til ein gardbrukar. Han vart dimittert frå Asker seminar i 1861 og var 1862-69 lærar i Våler i Hedmark. Åra 1870-74 var han lærar ved Lillestrøm bruksskule. Sidan var han gardbrukar på Nordre Våler tilbake i Hedmark, og i 19 år styrar av Våler Handelsforretning.
Han var ordførar i Våler 1879-1904 og forlikskommissær 1883-1905. Vidare var han amtsrevisor 1885-1902 og medlem av amtsutvalet 1889-1903.
Aarsrud var 1. varamann til Stortinget for Hedemarkens amt 1889-91. Etter Eivind Torp døydde møtte han i 1891-sesjonen. Dei tre neste stortingsperiodane var han fast representant frå amtet. Han var medlem av jarnbanekoimteen 1891-1894 og av justiskomiteen 1895-1900. I den siste valperioden var han sekretær for den sitstnemnde komiteen, då han òg var medlem av Lagtinget.
Aarsrud, som i lang tid skreiv seg for Herman Aars, men som i 1896 av høgsterett vart frådømt retten til å nytte namnet, døydde i Våler i 1927.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914