Eivind Torp

stortingsrepresentant

Eivind Olsen Torp (12. mai 184416. mai 1890) var ein norsk skulemann og stortingsmann frå Løten i Hedmark. Han var medlem av Venstre.

Eivind Torp
Eivind Torp.jpg
Fødd12. mai 1844
Løten
Død16. mai 1890 (46 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkelærar, politikar

Torp var son til ein gardbrukar. Folketeljinga frå 1865 viser at han arbeidde heime på farsgarden Store Torp i Løten. Han gjekk ut frå Hamar seminar i 1869 og var lærar i Elverum frå 1870. Tre år seinare starta han opp ein privatskule i Elverum som han sidan dreiv. Han var medlem av heradsstyret i Elverum frå 1876, ordførar frå 1883 til han døydde. Samt medlem av forlikskommisjonen frå 1884.

Torp representerte Hedemarkens amtStortinget frå 1886 til han døydde i 1890. Han var medlem av militærkomiteen, frå 1889 også medlem av Lagtinget. Torp døydde i 1890 i Kristiania under stortingsopphaldet der.

KjelderEndra

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914