Opna hovudmenyen

Herman Olaus Fjelde (13. april 186614. juli 1918) var ein norsk-amerikansk lækjær og kulturaktivist.

Herman Fjelde
Fødd 13. april 1866
Død

14. juli 1918

Yrke lege

Fjelde var fødd i Ålesund og utvandra 1889 til USA. Seks år etter han var komen til landet, avla han medisinsk embetseksamen i Minneapolis. Han praktiserte først ei tid i ein småby i delstaten Wisconsin. Deretter verka han i Abercrombie i Nord-Dakota i 15 år. Sidan var han lækjar i den større byen Fargo i same delstaten fram til 1917.

Fjelde er mest kjend for det omfattande arbeidet han la ned for norsk kultur i USA. Han skipa til stemner og gjorde opptaket til å reise minnesmerke over Ivar Aasen og Hans Nielsen HaugeConcordia College i Moorhead i Minnesota. Han stod også bak reisinga av eit Bjørnson-monument i Fargo i 1904, og Wergeland-statuen same stad i 1908. Dessutan var han initiativtakar til gåva frå norsk-amerikanarane til Noreg ved grunnlovsjubileet i 1914, og Lincoln-bysten i Oslo. Fjelde var elles ein aktiv skribent og organisasjonsleiar. I 1910 var han med og stifta Søndmørslaget i Amerika og vart lagets første formann.

Jakob Fjelde var ein eldre bror.

Herman Fjelde døydde i Rolla i Nord-Dakota.

KjelderEndra

  • Norsk Allkunnebok, IV. Bandet. 1952.
  • Norsk Biografisk Leksikon.