Herman Major Schirmer

norsk arkitekt

Herman Major Schirmer (20. juni 184511. april 1913) var ein norsk arkitekt som var fødd og døydde i Christiania.[1] Han var son av Heinrich Ernst Schirmer og bror til Adolf Schirmer.[1]

Herman Major Schirmer
Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. juni 1845
Christiania
Død

11. april 1913 (67 år)

Yrke kunsthistorikar, arkitekt
Verv Riksantikvar
Periode 1912+1913
Etterfylgjar Harry Fett
Far Heinrich E. Schirmer
Ektefelle Annette Schirmer
Herman Major Schirmer på Commons

Frå 1872 var han overlærar ved Statens håndverks- og kunstindustriskole og sentral i oppbygginga av ein norsk arkitektur. 15. november 1912 vart han utnemnd til Noregs første riksantikvar.[1]

Schirmer var ikkje produktiv som arkitekt. Mellom bygningar han stod bak, er Heftyevillaen på Frognerseteren, Hotell Royal og Eventyrgården, alle i Christiania. Han har òg teikna Bergens Kreditbank.[1]

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre