Herman Major Schirmer
norsk arkitekt
(Omdirigert frå Herman Schirmer)
Herman Major Schirmer (20. juni 1845–11. april 1913) var ein norsk arkitekt som var fødd og døydde i Christiania.[1] Han var son av Heinrich Ernst Schirmer og bror til Adolf Schirmer.[1]
Herman Major Schirmer | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 20. juni 1845 Christiania |
Død | |
Yrke | kunsthistorikar, arkitekt |
Verv | Riksantikvar |
Periode | 1912+1913 |
Etterfylgjar | Harry Fett |
Far | Heinrich E. Schirmer |
Ektefelle | Annette Schirmer |
Herman Major Schirmer på Commons |
Frå 1872 var han overlærar ved Statens håndverks- og kunstindustriskole og sentral i oppbygginga av ein norsk arkitektur. 15. november 1912 vart han utnemnd til Noregs første riksantikvar.[1]
Schirmer var ikkje produktiv som arkitekt. Mellom bygningar han stod bak, er Heftyevillaen på Frognerseteren, Hotell Royal og Eventyrgården, alle i Christiania. Han har òg teikna Bergens Kreditbank.[1]
Referansar
endreBakgrunnsstoff
endre- Schirmers stavkyrkjeteikningar digitalisert - Riksantikvaren