Hermann Starheimsæter
Hermann Starheimsæter (fødd 2. august 1950 i Lærdal)[1] er ein norsk forfattar.
Hermann Starheimsæter | |
Foto: Bjørg Starheimsæter | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 2. august 1950 Lærdal |
Yrke | skribent, lyrikar |
Periode | 1980- |
Debut | Lungeblæretre, dikt |
Nettstad | hermann-star.com |
Biografi
endreHan debuterte i 1980 med diktsamlinga Lungeblæretre. Han har sidan gjeve ut tre diktsamlingar til, ei novellesamling og to barnebøker. Den tospråklege dikt/fotoboka Steinskuggar/Stoneshadows (1991) som han gav ut saman med fotograf Jens Hauge og omsetjar Robin Fulton, vert av mange rekna som eit høgdepunkt i sin sjanger. Dei seinare åra har Hermann Starheimsæter markert seg mest som romanforfattar. For sin fyrste roman, den gripande barneskildringa Han gjorde det (1990) fekk han fleire prisar. Han har sidan gjeve ut fire romanar til, og utvida sitt formelle og språklege register for kvar bok. I romanane sine skildrar Starheimsæter gjerne det pressa sinn, samanbrot, abnorme sjelstilstandar. Ikkje minst gjeld dette dei to siste romanane hans, Nordvegen (2003) og Nattbussen (2007). Desse bøkene er dei fyrste i ein større serie om språk og galskap.
Blant litteraturkritikarar er Hermann Starheimsæter kjent for si evne til å skildra sansingar og 'mimoseaktige' sinnsstemningar. Han får ofte ros for sine språklege kvalitetar. «Språkleg kraftverk» er ord som vart brukt om siste boka hans.
Starheimsæter er busett i Sykkylven.
Bibliografi
endreBøker
endre- 1980 – Lungeblæretre (Oslo: Aschehoug). ISBN 8203103081 I fulltekst ved nb.no
- 1986 – Neslesommarfuglen (Oslo: Aschehoug). ISBN 8203153798 I fulltekst ved nb.no
- 1988 – Knutepunkt (Oslo: Aschehoug). ISBN 8203160301 I fulltekst ved nb.no
- 1990 – Han gjorde det : roman (Oslo: Aschehoug). ISBN 8203163890 I fulltekst ved nb.no
- 1991 – Steinskuggar/Stone-shadows (Oslo: Samlaget). ISBN 82-521-3783-0 I fulltekst ved nb.no [Fotografi Jens Hauge. Omsetjingar Robin Fulton]
- 1993 – Det trettande bilete : roman (Oslo: Aschehoug). ISBN 8203170277 I fulltekst ved nb.no
- 1995 – Rom bak rom bak : dikt (Oslo: Aschehoug). ISBN 8203175848 I fulltekst ved nb.no
- 1997 – Som om eg ikkje hugsar : roman (Oslo: Aschehoug). ISBN 8203178987 I fulltekst ved nb.no
- 1999 – Bang! sa Big : (og slik vart det) (Oslo: Aschehoug). ISBN 8203243045 I fulltekst ved nb.no
- 2000 – Den svarte Audien (Førde: Selja forlag). ISBN 8291722129 I fulltekst ved nb.no
- 2003 – Nordvegen (Oslo: Aschehoug). ISBN 82-03-18709-9 I fulltekst ved nb.no
- 2004 – Hans Gjesme : landskap og portrett (Leikanger: Skald forlag). ISBN 82-7959-042-0 I fulltekst ved nb.no [Medforfattar: Hermann Starheimsæter]
- 2007 – Nattbussen : roman (Oslo: Aschehoug). ISBN 978-82-03-19258-6
- 2012 – Der nåden finst : roman (Oslo: Samlaget). ISBN 978-82-521-8179-1
I bøker - eit utval
endre- 1990 – Tornado og andre noveller for barn (Oslo: Samlaget). ISBN 82-521-3538-2 I fulltekst ved nb.no [Av innhaldet: Kano / Hermann Starheimsæter, s. 64-75]
- 1991 – Signaler '91 (Oslo: Cappelen). ISBN 82-02-13293-2 [Redaktør: Lars Saabye Christensen. Av innhaldet: Sidekammerset ; Kniven / Hermann Starheimsæter, s. 170-171]
- 2001 – Angstens poesi (Oslo: Damm forlag). ISBN 82-517-8429-8 I fulltekst ved nb.no [Av innhaldet: Heilt naken/Hermann Starheimsæter]
- 2002 – Under bergfall : mine kjæraste dikt (Oslo: Samlaget). ISBN 82-521-5970-2 I fulltekst ved nb.no [Av innhaldet: Ordet stein ; Monument ; Løa ; Portrett / Hermann Starheimsæter]
I tidsskrift - eit utval
endreUtmerkingar
endre- Sunnmørsprisen 1990 for Han gjorde det, roman
- Mads Wiel Nygaards legat 1990
- Melsom-prisen 1991
Referansar
endre- ↑ ««Hermann Starheimsæter (02.08.1950)»». forfatterkatalogen.no. Henta 29. november 2016.